– Åh, det kjentest som å vera tilbake i Ukraina når eg møtte han, seier Krystina Minian med tårer i auga.
Minian kom frå Ukraina til Norge med sonen sin i fjor.
Ho var ein av mange flyktningar som fekk helse på den ukrainske parlamentsformannen då han besøkte Drammen tysdag føremiddag.
Krystina Minian var ein av mange flyktningar som møtte den ukrainske parlamentsformannen i Drammen.
Foto: Caroline Utti / NRK– Me har det bra i Norge, og får både hjelp og moglegheiter, men ein kjenner seg einsam likevel. Når me høyrer at det kjem besøk frå Ukraina, så kjenner me oss mindre åleine. Me kjenner at landet vårt bryr seg om oss, sjølv om me ikkje er der.
På offisielt besøk i Norge
Drammen var fyrste stopp på Stefantsjuks tre dagar lange besøk i Norge.
– Det er veldig hyggeleg å starte besøket i denne byen som har så mange ukrainske flyktningar. Det er ein stor ære å få moglegheita til å helse på nokre av dei, seier Stefantsjuk til NRK.
Ruslan Stefantsjuk syng den ukrainske nasjonalsongen saman med frammøtte flyktningar på Bragernes torg i Drammen.
Foto: Caroline Utti / NRKHan fortel at han er glad for å få møte menneske som har flykta frå krigen, men som samstundes drøymer om å kunne reise tilbake til landet sitt.
Stor takksemd
I Drammen fekk han høyre om korleis flyktningane har blitt tatt i mot i Norge.
– Takksemd er det som går igjen i historiene dei fortel. Dei er takksame for det norske folk, parlamentet og kongen. Og for alle dei som jobbar lokalt på ulike plan, og hjelper dei med det dei går gjennom, seier Stefantsjuk.
Mange møtte opp på Bragernes torg for å ta i mot parlamentsformannen.
Drammens-ordførar Monica Myrvold Berg og stortingspresident Masud Gharahkhani ventar på gjesten.
Tryggleiken er på plass.
Ruslan Stefantsjuk og Masud Gharahkhani helsar på dei frammøtte.
Flyktningane frå Ukraina fortel om korleis Norge har tatt i mot dei.
Stefantsjuk helsar på nokre av dei ukrainske barna som bur i Drammen.
Dei ukrainske barnehagebarna underheld med song på både ukrainsk og norsk.
Stefantsjuk svarar med kraftig applaus.
– Dei fortel også om erfaringar dei vil ta med seg tilbake til Ukraina. Mellom anna knytt til retts- og domstolsreform, og korleis ein byggjer eit samfunn der alle føler seg inkludert. Dei gler seg til å ta med desse erfaringane heim.
Æresgjest på nasjonaldagen
Dei neste dagane skal parlamentsformannen besøke både Oslo og Kongsberg.
17. mai skal han vera i hovudstaden saman med stortingspresident Masud Gharahkhani.
Stortingspresident Masud Gharahkhani besøkte Stefantsjuk i Ukraina i fjor. No er ukrainaren gjest.
Foto: Caroline Utti / NRK– Eg set utruleg stor pris på at dei vel å vera her og feire 17. mai saman med meg. Det er ein dag der me skal feire dei moglegheitene me har i Norge, samstundes som det er ei sterk påminning om alvoret i Europa, seier Gharahkhani.
– Den flotte markeringa me har av 17. mai representerer jo den kampen det ukrainske folket ynskjer å kjempe - kampen for at det i framtida skal vera mogleg for ukrainske barn å gå i tog i eit fredeleg og sjølvstendig land.