Hopp til innhold

Iryna (30) flykta frå Ukraina i haust: No skal ho halde 17. mai-tale på norsk

Iryna Krochuk er blant fleire ukrainske flyktningar som skal halde hovudtale på nasjonaldagen. – Vi forstår kva vi feirar, seier Den Ukrainske Forening i Norge.

Iryna Krochuk

Iryna Krochuk og dottera bur no på Sand i Suldal kommune etter å ha flykta frå Ukraina.

Foto: Privat

– Eg er nervøs, men eg håpar eg skal klare det.

Iryna Krochuk var advokat i Ukraina, men måtte flykte til Noreg med dottera si i fjor. Mannen måtte bli igjen.

Skal halde tale på norsk

Frå storbyen Kyiv med nesten 3 millionar innbyggjarar flykta ho og dottera til vesle Sand i Suldal kommune, med litt over 1000 innbyggjarar.

Der har dei budd sidan august i fjor. Sidan då har Iryna fått 100 prosent fast jobb som miljøarbeidar i Nav.

Ho har og vorte god i norsk. Så god at ho på 17. mai skal halde hovudtalen for heile bygda.

– Det er ein fin måte å uttrykkje takksemd til Noreg for alt dei gir til samfunnet. Eg kjem til å dele tankar om verdiar, fridom og demokrati, seier Iryna.

– Eg synest det er veldig flott og eg er stolt av henne. Men det er ikkje overraskande i det heile teke, seier Natalia Ravn-Christensen.

Ho er talsperson i Den Ukrainske Forening i Norge og kjenner mange ukrainarar som har lært seg godt norsk i løpet av kort tid.

Natalia Ravn- Christensen er talsperson i Den ukrainske foreningen i Norge. Hun savner større offentlig motstand fra russerne som ikke støtter krigen.

Natalia Ravn-Christensen er talsperson i Den ukrainske foreininga i Nore.

Foto: Oleg Grabenko

– Ukrainarar har vore veldig ivrige etter å læra seg norsk og bli integrerte. Det er veldig mange som har jobba hardt og har kome på eit nivå som gjer at dei kan halde tale.

Ho fortel at det er fleire ukrainske flyktningar som skal halde tale på nasjonaldagen.

By(gde) jente

Iryna Krochuk omtaler seg sjølv som ei byjente, og synest det derfor var spesielt å flytte til Sand. Men det tok ikkje lang tid før ho fann seg til rette.

– Eg møtte mange fine menneske og byrja å ta del i samfunnet. Eg liker meg godt her, i stille og rolege omgivnader.

Dottera hennar trivst også godt, og skal til hausten byrje på skulen.

Jobben til Iryna inneber å hjelpe ukrainske flyktningar med økonomi og velferd og å finne jobb.

– Imponert

– Vi vart tipsa om Iryna og tenkte med ein gong at det var ein kjempegod idé. Eg ringde, og ho sa ja med ein gong, seier Karen Hiim Benninghoff.

Karen Hiim Benninghoff

Karen Hiim Benninghoff er i Sands 17. mai-komité. Ho ser fram til å høyre talen til Iryna.

Foto: Privat

Ho er leiar i programkomiteen for 17. mai-feiringa på Sand. Ho er imponert over Iryna og er glad for at ho har funne seg så godt til rette i bygda.

– Vi feirar demokratiet vårt i Noreg på denne dagen, og no er demokratiet deira under angrep. Dette blir heilt topp! seier Benninghoff.

Ravn-Christensen trur 17. mai vil bli ein spesiell dag for mange ukrainarar.

– Vi er kanskje dei som forstår best verdien av å ha ei fritt land og eit eige land. Vi forstår kva vi feirar. Så eg trur ukrainarar heilt sikkert vil ha veldig sterke kjensler i morgon.

Store kontrastar

Sjølv seier Iryna det er ei ære å bli tilboden oppgåva.

– Eg veit ikkje særleg mykje om 17. mai. Eg kan ingen songar, og eg visste ikkje at Noreg hadde ei så stor feiring. Men det var ei fin overrasking å bli spurd, seier ho.

Sjølv om ho trivst betre og betre i Noreg tenkjer ho framleis mykje på heimlandet sitt og mannen som kjempar på frontlinja.

– Vi veit lite om framtida, seier ho.

Les også Flyktet fra krigen – nå er de klare for 17. mai

Forberedelser til 17. mai