Hopp til innhold

Stort press på bustadmarknaden – her har ordføraren leigd i 17 år

Det er ikkje nok bustader for alle som vil ha i distrikta. I Hemsedal er ordføraren framleis leigetakar etter 17 år.

Ordførar i Hemsedal Pål Rørby.

Ordførar Pål Rørby (Sp) i Hemsedal har leigd i Lio i 17 år. No drøymer han og familien om å kjøpe sin eigen bustad.

Foto: Vilde Jagland / NRK

– Draumen er å få vårt eige, seier ordførar Pål Rørby (Sp) i Hemsedal.

No bur Rørby og familien i kårhuset på ein gard. Ein dag skal dei som driv garden no ha kårhuset sjølv. Då må Rørby og familien flytte ut.

– Sånn sett er våre dagar i dette huset talte, seier ordføraren.

Situasjonen til Rørby og Hemsedal er ikkje unik.

Fleire av landets distriktskommunar har utfordringar knytt til bustadbygging og prisutvikling. Det kjem fram i rapporten «Tilgang på bustader i distrikta».

I distrikta er det framleis einebustaden som dominerer, men i Hemsedal er dei ikkje enkle å få tak i. Samstundes stig tomteprisane jamt og trutt.

Ordførar Pål Rørby leiger kårhuset på ein gard i Lio i Hemsedal.
Etter 17 år i bygda, er Pål Rørby framleis leigetakar.
Pål Rørby og familien har fem hestar.
Med to hundar og fem hestar er det ekstra utfordrande for familien å finne draumebustaden, utan å sprenge budsjettet.
Ordførar Pål Rørby (Sp) i Hemsedal har leigd i Lio i 17 år. No draumer han og familien om å kjøpe sin eigen bustad.
– Me treng ikkje noko stort, men me må ha plass til stall og hundegard. Det er vanskeleg å finne noko som kan passe oss.

Nokre kilometer vest for Hemsedal sentrum, ligg bustadområdet Fridalen.

Det er eitt av få pågåande bustadprosjekt i Hemsedal. 19 einingar og tre tomter er alt selde. Tomteprisen startar på 2,3 millionar kroner.

Då salet starta var pågangen så stor at meklarane måtte ty til loddtrekning mellom potensielle kjøparar.

– Me har hatt folk her som eigentleg såg etter hytte, men enda opp med å kjøpe hus og flytte til Hemsedal. Det ser me stadig meir av, seier dagleg leiar Gjermund Svendsen-Rosendal i Fjellmegleren.

Meklar Gjermund Svendsen-Rosendal i Fjellmegleren.

Meklar Gjermund Svendsen-Rosendal i Fjellmegleren ønsker seg fleire bustader og eit meir variert tilbod i Hemsedal.

Foto: Vilde Jagland / NRK

– Me har eit luksusproblem i Hemsedal. Veldig mange vil etablere seg her, men det tek litt tid før me får på plass noko til alle, seier Svendsen-Rosendal.

Ikkje fleire einingar

Prisane på bustadprosjektet Fridalen, er noko Hemsedal ikkje har sett tidlegare, meiner ordføraren. Han er bekymra for dei som fell utanfor.

– Eg ser på meg sjølv som ein ganske ressurssterk person. Me har ein god og stabil økonomi no, men det er framleis krevjande å kome seg inn på bustadmarknaden. I tillegg forpliktar ein seg med høgt lån i ei usikker renteframtid.

Bustadområdet Fridalen i Hemsedal.

Bustadområdet Fridalen er eit av få bustadprosjekt i Hemsedal no.

Foto: Vilde Jagland / NRK

Men Hemsedal sit ikkje stille båten. Kommunen skal i gang med sju ulike byggeprosjekt, med alt frå små enkeltståande einingar til bustadfelt.

– Prosjekta er del av ein større plan, men me såg oss nøydde til å kome i gang – for no har me nesten ikkje bustader att her oppe.

Økonomisk risiko

Distriktssenteret stadfestar at mange kommunar står i same situasjon som Hemsedal.

– Mange kommunar har også ei utfordring med hus som står ledige og blir brukt som utleigehus i fritidsmarknaden i staden for til heilårs busetting, seier Dan-Erik Aggvin, kommunikasjonssjef i Distriktssenteret.

Utvalet av bustader er lite variert og treff ikkje behova til innbyggjarar og næringsliv.

– Det er også ein utfordring at det er økonomisk risiko ved nybygging, seier Aggvin.

Manglande kapasitet

Mange kommunar har heller ikkje ressursar til å jobbe med langsiktig planlegging og utvikling knytt til busetting.

Bustadområdet Fridalen i Hemsedal

Victoria Follesø og Gjermund Svendsen-Rosendal i Fjellmegleren i dei nye tomannsbustadene i Hemsedal.

Foto: Vilde Jagland / NRK
Fridalen

Bustadene er mellom 75 og 191 kvadratmeter og har ein startpris på 4,4 millionar kroner.

Foto: Vilde Jagland / NRK
Hemsedal

Etterspurnaden etter bustader er stor i Hemsedal og det er ikkje nok til alle som vil ha.

Foto: Vilde Jagland / NRK

– Har kommunen dårleg råd og ressursmangel, er det gjerne den typen overordna planar som blir utsett i dagleg drift, seier ordførar Rørby.

Sjølv håper han familien får frådelt ei tomt, slik at dei kan bygge sjølv.

– Er me heldige, feirar me kanskje jul i eige hus om to år.

Hei!

Så bra du tok deg tid til å lese denne saka. For ei tid tilbake bad NRK om innspel på saker me burde lage. Fleire av de svarte hyttebygging og omsyn til naturen. Difor har me laga denne saka. Har du tips til noko anna me burde skrive om? Ta gjerne kontakt!