Hopp til innhold

Ny gruppe strøymer til bygda: – Ville leve eit anna liv

HEMSEDAL (NRK): Berthram Wahl forstod plutseleg ikkje kvifor dei køyrde opp og ned til Hemsedal kvar helg. Ein søndagskveld i bilen tilbake til Oslo fann familien ut at dei måtte flytte.

Heime hos Wahl

Ein av dei viktigaste grunnane til at dei flytta frå Oslo til Hemsedal var å få meir tid til fritid saman. Som ofte betyr skikøyring.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Me sat som vanleg i kø på veg tilbake til byen. Så sa me til kvarandre, kvifor kan me ikkje berre flytte opp hit og sleppe å køyre fram og tilbake kvar helg?

Berthram Wahl gliser når han fortel om valet han og familien tok for eit par år sidan. Skikleda ligg strødd over golvet. Eldstesonen Lauritz har akkurat kome heim frå skulen og han og far skal rett i bakken nokre timar ein heilt vanleg tysdagsettermiddag.

Kler seg til skibakken

Før bruka dei tre timar, nå er det berre tre minutts køyring eller ein kort busstur til landets beste skisenter for familien Wahl.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Selde leilegheit – fekk hus til halve prisen i Hemsedal

Det er innflyttarane som skil fjellbygda frå dei fleste andre distriktskommunar. I 2040 vil 1 av 3 innbyggarar i mange av distriktskommunane vere over 70 år. Men i Hemsedal skjer det motsette, dei får fleire og fleire unge tilflyttarar.

Mange er familiar som familien Wahl som finn ut at det er her dei vil etablere seg og bu over lang tid, ikkje berre eit par år.

Dei bytta ut ein 100 kvadratmeters leilegheit midt i Oslo og utsikt til ein av landets mest trafikkerte vegar, Kirkeveien, med eit hus på 300 kvadratmeter og utsikt til fjell og Hemsedal skisenter.

Til halve prisen.

– Me er jo i den kategorien da, byfolk som flyttar til bygda for å leve eit litt anna liv.

Far og son i bakken

Alle barn i kommunen får gratis heiskort av skisenteret noko Lauritz brukar mykje. Gjerne saman med far som har hatt eit sterkt forhold til skisenteret i Hemsedal sidan han var 20 år.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Livsstilstilflyttarar dominerer

Forskarane på Distriktssenteret kallar dei «livstilstilflyttarar». Dei er den største grunnen til at vesle Hemsedal har auka frå under 2000 innbyggarar rett før tusenårsskiftet til 2448 i dag. Og til at dei kjem til å nærme seg 4000 innan 2040.

– Det er det som er spesielt med Hemsedal, det er mange unge som flyttar dit. Dei jobbar mange ulike stader, nokon i Nordsjøen, andre pendlar langt. Men dei vil bu i Hemsedal og bruke fritida si der, seier Hildegunn Nordtug, seniorrådgjevar i Distriktssenteret, som også har sett same tendens i Sogndal.

Pål Rørby

Pål Rørby (Sp) er oppvaksen i Oslo og flytta til Hemsedal med familien i 2000. Han ser på Hemsedal som ei urban bygd med eit rikt kulturliv til å vere ein så liten stad.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Kommunen har også ein ordførarkandidat som set seg sjølv i den same båsen. Pål Rørby (Sp) er frå Oslo, kallar seg sjølv snøbrettboms og flytta til Hemsedal med familien for å leve tett på natur og fjell.

– Ei lita bygd på 2400 innbyggarar kan jo bli oppfatta som sært, traust og trøytt, men Hemsedal er ikkje det. Det er stor variasjon i kor folk kjem frå og kva dei driv med. Ynskjer ein seg noko urbant så får ein det, kvar einaste helg om vinteren og gjerne også om sommaren.

Hemsedal frå skisenteret

Hemsedal er langt ifrå eit knutepunkt og befolkningsutviklinga skjer trass i geografien, seier Distriktssenteret. Det er fjella og naturen som lokkar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Rørby tenkjer på skisenteret som trekkjer til seg tusenvis av turistar gjennom heile vinteren, som sjølvsagt påverkar ei lita bygd.

Må klype seg i armen

Far og son Wahl har låst seg inn i skiskapet sitt i skisenteret. Dei er der så mykje at det ikkje er vits å ta med skia heim. Berthram seier han av og til må klype seg i armen. Salet av leilegheita i Oslo gjer at han ikkje treng å jobbe like mykje som da han jobba som programredigerer i NRK.

Lauritz hoppar

Lauritz er med i Hemsedal FreeX som er ein ski- og snøbrettklubb for barn og unge.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Nå jobbar han frilans og familien har ein heilt anna kvardag.

– Det var tøft å seie opp jobben eg var glad i og hadde jobba lenge for å kome til. Men det me fekk tilbake ved å kome opp hit har vore mykje større. Å bu her er ein draum.

I omgangskrinsen i bygda merkar han at det er mange i den same livstilstilflyttar-kategorien som dei sjølv.

– Det er mange som prioriterer det å vere ute og fylle på opplevingskassa når dei fyrst bur her oppe. Eg trur det også er meir forståing for at ein jobbar frilans og ikkje har fast jobb enn det kanskje er andre stader.

På veg til bakken

Ferdig med nok ein kveld i bakken i Hemsedal skisenter. Lauritz er glad for å vekse opp like ved skisenteret.

Foto: Anders Martin Helle / NRK