Hopp til innhold

Kan bli den yngste ordføraren i landet

UTØYA (NRK): Berre tre parti stiller liste i Rollag i Buskerud, og resultata frå det siste valet tyder på at noverande ordførar blir kasta ut. Ein ung student på 23 år er klar for å overtar klubba.

Ungdom på Utøya, Jonas Gahr Støre på talerstol, Gahr Støre står sammen med mange ungdommar

Lærar eller ordførar, det er opp til veljarane. Even Røed er klar for begge delar.

Valglogo
Even Røed er ordførarkandidat for det største partiet

Even Røed er på Utøya for fyrste gong som aktiv AUF-ar, men det har han nesten ikkje tid til. Han vil bli ordførar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Heimkommunen til Even Røed er Rollag i Numedal. Der bur det berre fjorten hundre menneske. Røed har fått smaken på politikk og makt, og i år kan han bli den yngste ordføraren i landet viss han vinn for Arbeidarpartiet i heimkommunen. 23 år gamle Even Røed ynskjer å kaste Senterpartiet ut av ordførarkontoret, og overta klubba sjølv.

Gjekk omvendt veg

I fjor fekk han tittelen «Omvendten» og medalje på årsmøtet til AUF i Buskerud. Årsaka var at han gjekk frå Arbeidarpartiet til AUF, og ikkje omvendt slik det er vanleg. Grunnen er at det ikkje var noko AUF-lag i Numedal.

Før valet i 2011 takka han ja til å stå på lista til Arbeidarpartiet, og slik kom han inn i politikken. Fyrst i fjor blei han aktiv i AUF og sit no i fylkesstyret i Buskerud.

Saka fortsett under biletet.

Jonas Gahr Støre og Even Røed

Partileiar Jonas Gahr Støre er strålande nøgd med å ha ein ung ordførarkandidat som er klar for å slåst for posisjonen. Gode råd på vegen får han med seg.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Jonas heiar

Partileiar Jonas Gahr Støre synest det er strålande at partiet har god sjanse til å vinne attende ordføraren i Rollag. Sjølv køyrer han stadig forbi Rollag på veg til hytta lenger oppe i Numedal.

– Neste gong kjem eg innom og tek ein kaffikopp, seier Støre og slår den unge toppkandidaten faderleg på skuldra.

Realistisk ambisjon

Berre tre parti stiller liste i Rollag ved valet til hausten. Det er Høgre, Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Kristeleg Folkeparti klara ikkje stille liste. Ved valet i 2011 fekk Arbeidarpartiet 35 prosent av røystene, Senterpartiet 27 prosent og Høgre 18 prosent. Det er altså slett ikkje usannsynleg at den unge toppkandidaten til Ap susar rett inn i ordførarstolen.

– Kan eit samarbeid med Senterpartiet bli aktuelt?

– Senterpartiet samarbeider med Høgre no, så det er ikkje aktuelt førebels, Even Røed.

Meir vil ikkje den unge ordførarkandidaten sei. Men kursen er staka ut. Dersom han ikkje blir ordførar, skal han tilbake til Blindern og gjere ferdig lærarutdanninga si. Blir han ordførar, søkjer han om permisjon frå studiane i fire nye år.

DR. Jonas lovar å fikse kommuneøkonomien

Jonas Gahr Støre får med seg ein lojal kar på laget.

Foto: Anne Lognvik / nrk