Hopp til innhold

Ventar på jordbruksoppgjeret: – Eg er spent!

Torgeir (29) må bygge nytt fjøs til mange millionar. Det er dyrt, men det gamle blir snart ulovleg. Fredag får han vite kva staten vil bidra med.

Kveldsstellet i fjøset på Søre Oppheim i Hallingdal går unna. Tre mjølkemaskiner jobbar på høggir. Han går frå ku til ku, vaskar jur og koplar spenekoppar på og av.

Ung bonde vasker juret på ei ku.

Torgeir Jorde vil gjerne halda fram som mjølkebonde.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Dette er vel 358 ... nei forresten, det er 355.

Torgeir Jorde er ein moderne bonde. Han har ikkje har namn, men nummer på kyrne sine. Fjøset derimot, er gammaldags. Om ti år blir det ulovleg. Då set kravet om lausdrift inn. Skal han fortsette som mjølkebonde, må han modernisere og bygge på, slik at kyrne kan gå fritt.

Kyr står og spiser gras fra forbrettet

Frå 2034 blir det ulovleg med båsfjøs.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Manglar pengar, ikkje pågangsmot

– Draumen er å få opp eit nytt lausdriftsfjøs med mjølkerobot. Det er jo mjølkekyr som er artig!

Han manglar ikkje pågangsmot. Det er pengane det skortar på. Kostnadsoverslaget til ei slik investering er på 8–10 millionar. Alternativet er å kvitte seg med kyrne og begynne med noko anna.

– Elles så blir det slik som mange andre stader, å leggje ned drifta og leige ut jorda.

Ung bonde ser ut vinduet i fjøset

Mjølkebonde Torgeir Jorde tenkjer mykje på korleis framtida blir.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

I så fall går Noreg glipp av 200 000 liter mjølk i året. Målet er å doble mjølkekvoten han har no. Dersom Bondelaget får gjennom sitt krav, vil han kunne få opp til 6 millionar i innovasjonsstøtte.

– Klart det vil hjelpe! Å få inntil 60 % i støtte er jo ei god hjelp på vegen.

Les også Inntektssvikt for melkebøndene: – Vi får svi

Melkekyr i fjøset på Trones

Mange mjølkekyr står på bås

Torgeir er ikkje den einaste som står i dette dilemmaet. Tal frå SSB viser at 35 % av alle mjølkekyr i Noreg står på bås (2021). Innan 2034 må bøndene med slike fjøs bestemme om dei skal investere eller leggje ned mjølkeproduksjonen.

Resultatet av årets jordbruksoppgjer vil bli avgjerande for mange. Fredag formiddag kjem staten med sitt tilbod. Torgeir kjem til å følgje strøyminga av pressekonferansen.

– Det blir veldig spennande.

Les også Fylkesgrensa lagar trøbbel for sauebønder

Vær på frierføtter

– Store forventningar

I likskap med de fleste andre, er bøndene ramma av høgare kostnader.

– Både kraftfor og kunstgjødsel har blitt mykje dyrare. I tillegg har fraktkostnadene blitt høgare, seier fylkesleiar Håkon Haug Laa i Buskerud Bondelag.

Håkon Haug Laa

Fylkesleder Håkon Haug Laa i Buskerud Bondelag.

Foto: Vilde Jagland / NRK

Han har stor forventningar til statens tilbod.

– De må dekke inn lønnsgapet bøndene har til andre. Vi ligg lågare i inntekt enn de fleste andre yrkesgrupper, seier Laa.

Han viser til årets landbruksbarometer, der det går fram at berre 26 prosent av norske bønder ser lyst på framtida.

Bondelagsleiaren meiner det blir avgjerande at mjølkebønder får investeringsstøtte til modernisering av fjøs.

– Det er samfunnet som ønsker at kyr ikkje skal stå i bås. Da synest eg det er riktig at staten også bidrar. Viss ikkje kan nedlagde mjølkefjøs bli resultatet, seier Laa.