Hopp til innhold

Politiet får medhald – far får ikkje besøke eigen baby

HØNEFOSS (NRK): Faren som er sikta for grov kroppsskade mot sin 11 veker gamle baby fekk ikkje medhald i tingretten. Besøksforbodet blir heldt ved lag.

Pressekonferanse Omholt

Per Thomas Omholt og etterforskningsleiar Cecilie Johansen Sandbakken på pressekonferansen da saka blei kjent førre veke.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Faren og barnets mor blei sikta den 20. juni etter at den 11 veker gamle babyen nokre dagar før blei flydd inn med alvorlege hovudskadar til Ullevål sjukehus.

Ringerike tingrett behandla i dag anken frå den sikta faren som ynskte å sjå babyen så ofte han vil.

Retten meiner ifølge rettsavgjerda derimot at besøksforbodet ut ifrå ein totalvurdering ikkje er eitt uforholdsmessig inngrep overfor sikta.

Besøksforbodet gjeld til og med 20. juli. Politiet ønsker å forlenge dette av omsyn til barnets sikkerheit og at de ikkje vet hva som er grunnen til den alvolige hodeskaden.

Tilstanden til barnet som har vore innlagt på Ullevål sjukehus i over ein månad er framleis alvorleg, men utanfor livsfare.

Ikkje fornøgd

– Vi er litt overraska over rettsavgjerda og er naturleg nok ikkje fornøyde med den, seier mannens forsvarar Jon Anders Hasle.

Hasle har vore i dialog med sin klient om rettsavgjerda og om hva de skal vurdere å gjere vidare.

– Han er ikkje fornøgd resultatet, men vi får rett og slett sjå hva vi gjør.

I og med at besøksforbodet går ut 20. juli seier Hasle det blir lite sannsynleg å anke denne gangen, det blir heller aktuelt å vurdere det dersom det skulle forskynnes et nytt besøksforbod.

Forsvarar Jon Anders Hasle

Faren sin forsvarar meiner det ikkje er grunnlag for besøksforbod.

Foto: Raymond Dalen / NRK

Mor får treffe barnet meir enn far

Politiet held framleis på med etterforsking i saka og argumenterte for å forlenge besøksforbodet i tingretten i dag. Til nå har foreldra fått høve til å treffe barnet med politiet til stades.

Barnets mor har også besøksforbod, men har fleire unnatak og får treffe barnet meir enn faren. Ifølgje politiet heng det saman med tidlegare historikk for dei to sikta.

– I utgangspunktet ynskjer me å verne den fornærma mot ein eventuell gjerningsmann og det er derfor me har gjeve eit kontaktforbod. Av omsyn til barnets tilstand har me opna for nokre unnatak. Poenget er at me ynskjer å ha kontroll på besøka og ha folk til stades, seier politiinspektør Per Thomas Omholt.

Per Thomas Omholt

Til nå har ikkje foreldra til barnet fått treffe barnet utan at politiet er til stades. Slik vil politiet at det skal fortsette.

Foto: Raymond Dalen / NRK

– Er det sannsynleg med ein ny straffbar hending?

– Det er særleg omsynet til å ikkje krenkje den fornærmas fred som er argumentasjonen vår. Om det hadde vore ein vaksen fornærma så hadde me verna vedkommande mot ein eventuelt gjerningsmann i ein så alvorleg sak. Barn skal ikkje bli behandla annleis enn ein vaksen, seier Omholt.

Spedbarnet har fått alvorlege hovudskadar, og er etter alt å dømme påført hjerneskade. Skadane kan ha oppstått ved at barnet har blitt fillerista eller slått i ein vegg, ifølgje politiet.

I etterforskinga jobbar dei etter tre teoriar: Om skadane er påført med vilje, ved eit uhell eller om det kan vere medisinske årsaker til hovudskadane.