I tillegg blir bota auka til 25.000 kroner. Avgjerda ligg føre etter at ankeutvalet møttest for å behandle saka denne veka.
Mjøndalen fekk opphavleg ei bot på 10.000 kroner i kjølvatnet av 1-0-sigeren mot Ranheim 19. august. Der brukte klubben ein spelar som skulle sone karantene.
Først mange veker etter at oppgjeret var spelt kom feilen for dagen.
Fabian Holst-Larsen skulle aldri vore på banen i det aktuelle oppgjeret. Han var på tidspunktet for kampen relativt nyleg henta til Mjøndalen frå Alta, og hadde med seg to gule kort frå tida i finnmarksklubben.
I tillegg pådrog han seg to gule kort etter framkomsten til Mjøndalen og skulle ha stått over møtet med Ranheim med karantene. Det gjorde han ikkje.
Etter protestfristen
Ranheim tok tak i saka og sende inn ei klage til Norges Fotballforbund. Utfordringa var samtidig at protestfristen på 48 timar for lengst hadde gått ut.
Dersom Mjøndalens bruk av Holst-Larsen hadde vorte oppdaga omgåande, og protesten var send NFF innanfor fristen, ville det vore liten tvil om at Ranheim ville fått sigeren i kampen med 3–0.
At fristen hadde gått ut då regelbrotet vart kjent, skapte meir tvil. Doms- og sanksjonsutvalet kom likevel til at Mjøndalen skulle trekkjast eitt poeng og bøteleggjast. Den avgjerda anka klubben.
I anken vart det vist til at KFUM Oslo slapp med ei bot etter å ha nytta ein spelar som ikkje var spelerettmessig i cupen. Mjøndalen meiner dei to sakene har klare likskapstrekk.
Avvist
Ankeutvalet finn likevel at den saka set presedens berre for regelbrot gjort i tilknyting til cupspel, og at dette kjem tydeleg fram i premissane for avgjerda.
Ankeutvalet finn akkurat som Doms- og sanksjonsutvalet at det er snakk om aktlaus bruk av ein ikkje spelerettmessig spelar, og utvalet finn ikkje grunn til å bedømme regelbrotet verken strengare enn mildare enn eitt poengs trekk.
Det blir vist til at Mjøndalen er ein klubb på eit av dei øvste nivåa i norsk fotball, der ein må forventast å kjenne til regelverket knytt til åtvaringar og karantene og ha eit apparat som handterer dette.
Det blir også peika på at reaksjonen er langt mildare enn det som ville ha følgt av ei protestsak.
Om den økonomiske sanksjonen, finn ankeutvalet at den opphavlege reaksjonen var for mild. Derfor blir bota auka til 25.000 kroner.
Det eine minuspoenget kan potensielt bli svært avgjerande for Mjøndalens kamp for å overleve i 1. divisjon.
(NPK)