Må granske mange hundre byggjesaker

Korrupsjonssaka i Drammen kommune fører til at hundrevis av byggjesaker frå dei siste åra må granskast. No må byggjesaksavdelinga tilsette nye saksbehandlarar.

Drammen sentrum

Den store korrupsjonssaka i Drammen kjem til å leggje beslag på saksbehandlarar og kommunen vil rekruttere fleire for å ta unna arbeidet.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Etter at NRK i går avslørte at politiet har fengsla ein saksbehandlar i Drammen kommune, sikta for grov korrupsjon, seier rådmann Osmund Kaldheim at både intern og ekstern gransking vil krevje særs mykje av kommunen i vekene og månadane som kjem.

– Vi skal både ha ein intern gjennomgang og trekke inn eksterne granskarar, for å sjå etter ulovlegheiter. Det kan vere at påbygg og endringar som har vore godkjende må rivast etter desse undersøkingane, seier Kaldheim.

Osmund Kaldheim

Rådmann Osmund Kaldheim vil auke staben som tek seg av byggjesøknader på grunn av korrupsjonssaka som vart kjent måndag. Det er ei enorm saksmengd som må granskast for moglege ulovlegheiter.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Kommunen sender no saka over til kommunerevisjonen – som så må velje nøytrale eksterne granskarar for å kome til botn i saka.

Ei kvinne er sikta for å ha tatt betalt for å godkjenne byggesøknadar og endringar av bygg. Ifølgje politiet skal ho ha motteke fleire hundre tusen kroner over fleire år. Førebels inngår tretti ulike byggjesaker i politiets etterforsking.

Både fråskilling av hyblar på kjellarar og loft og bygging av heile hus inngår i sakene politiet baserer siktinga på. Dei skal ha blitt godkjende etter innbetaling av pengar under bordet, ifølgje tiltalen.

Byggesaksskilt

Dersom innbyggjarane i Noregs femte største by skal få behandla byggjesøknaden i rimeleg tid, må Drammen kommune no auke staben. Dette fordi hundrevis av tidlegare saker må undersøkast for ulovlegheiter.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

– Må gjennomgå mange hundre byggjesaker

Kommunen veit ikkje om dei moglege ulovlege godkjenningane har påverka andre saksbehandlarar til å godkjenne liknande ombyggingar, utan at korrupsjon eller ulovlegheiter er inne i biletet. Rådmannen seier det òg er noko ein må granske.

– Om saksbehandlinga har blitt generelt meir "liberal" som følgje av den korrupsjonssikta sin praksis er blant det vi må undersøke, seier rådmann Kaldheim.

Sikta i korrupsjonssak i Drammen

Den korrupsjonssikta kvinna jobba med byggjesaker i Drammen kommune. Her melder ho seg til politiet, før ho blir varetektsfengsla.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Kvart år tek imot og handsamar eit tjuetals medarbeidarar i Drammen kommune fleire hundre søknadar om påbygg, nye hyblar og oppføring av hus. Rådmannen medgir at dei har ein særs stor jobb framfor seg for å gjennomgå byggjesøknadane dei siste åra.

– Så det kan vere snakk om eit halvt tusen byggesaker de skal sjå på?

– Ja, vi har allereie sett på eit par hundre saker, og det er framleis eit stort tal saker vi må granske. Vi snakkar om mange hundre totalt.

Rekrutterer nye medarbeidarar for å kunne takle dagleg drift

Både rådmannen og ordføraren i Drammen seier det ikkje skal stå på ressursar for å rydde opp i den store korrupsjonssaka. Leiaren for byggesaksavdelinga skal jobbe med å leite etter ulovlegheiter, og ein ny førebels leiar skal ta seg av tilbodet til innbyggarane framover. Mykje av arbeidskrafta til dei som jobbar med byggjesaker kjem til å gå til å hjelpe til med etterforskinga.

– Vi skal rekruttere fleire saksbehandlarar for å sikre at ingen vert skadelidne av at denne saka vil krevje så mykje innsats av kommunen. Innbyggarane skal vere trygge på at dei framleis får handsama byggjesøknaden sin framover, seier Osmund Kaldheim.

Dette er korrupsjonssaken i Drammen

Korrupsjonssaka i Drammen i korte trekk