Hopp til innhold

Målar på same lerret: – Å lage kunst kan ofte vere einsamt

Kunstnarane Maud Angelica Behn og Lavrans Borgen tek samarbeidet til eit nytt nivå.

Maud Angelica Behn og Lavrans Borgen i atelieret.

Lavrans Borgen og Maud Angelica Behn gjer seg klare for fellesutstilling.

Foto: Anders Haualand / NRK

Lavrans Borgen og Maud Angelica Behn lyftar opp eit stort, fargesprakande lerret og heng det opp på veggen.

– Trur du me blir ferdige med det siste i dag eller?, spør Borgen.

– Åh, eg håpar det. Viss eg kan vere her ei stund, så trur eg me kan bli det. Det ville vore veldig fint. Viss ikkje kjem det til å heimsøke meg altså, svarar Behn.

Dei to unge kunstnarane fortset å prate medan dei finn fram kvar sin pensel og målar vidare.

Maud Angelica Behn og Lavrans Borgen i atelieret.

Dei to kunstnarane har samarbeidd tidlegare. Men for fyrste gong målar dei no også på same lerret.

Foto: Anders Haualand / NRK

Målar i lag

I fleire veker har dei arbeidd side om side i atelieret i Drammen. No er det berre siste finpuss som manglar.

– Det å lage kunst kan ofte vere litt sånn einsamt. Eg føler meg veldig konsentrert åleine, men det blir jo mange timar. Så eg synest det er gøy å ha ein «artbuddy» å prate med. Det er veldig moro, seier Behn.

Les også Lavrans (19) skulle bare male bort angsten – nå har han solgt ut sin første soloutstilling

Lavrans Borgen, kunster

Borgen seier seg einig.

– Det er hyggeleg å kunne bryte det litt opp med å jobbe med andre, og få ny input og inspirasjon, seier han.

Behn og Borgen møttest under ei kunstutstilling for ei tid tilbake og fann fort ut at dei ville jobbe saman.

I fjor gjekk dei saman om å auksjonere bort bilete til inntekt for Mental Helse Ungdom.

Maud Angelica Behn og Lavrans Borgen i atelieret.

– Det å lage kunst kan ofte vere litt sånn einsamt. Så eg synest det er gøy å ha ein «artbuddy», seier Maud Angelica Behn.

Foto: Anders Haualand / NRK

– Må tørre å gje slepp

No har dei tatt samarbeidet endå eit steg lenger.

Denne gongen lagar dei kunst saman - med kvar sin pensel på same lerret.

– Då må ein tørre å gje litt slepp på verket, og tørre å måle oppå kvarandre. Viss ein ikkje blir det veldig stivt, seier Behn.

Maud Angelica Behn og Lavrans Borgen i atelieret.

Strøk for strøk tek verka form.

Maud Angelica Behn og Lavrans Borgen i atelieret.

Maud Angelica Behn og Lavrans Borgen har arbeidd side om side i atelieret i Drammen i fleire veker.

Maud Angelica Behn og Lavrans Borgen i atelieret.

Dei har laga fire verk saman, i tillegg til eigne bilete.

Maud Angelica Behn og Lavrans Borgen i atelieret.

Over påske er dei klare for felles utstilling i Sarpsborg.

Rett over påske opnar dei ei felles utstilling på Soli Brug i Sarpsborg. Fire av verka som skal stillast ut har dei laga saman.

– Det begynner jo å nærme seg no, så eg kjenner at nervane begynner å komme litt. Samstundes gler eg meg veldig til å vise fram alt eg og vi har jobba med, seier Borgen.

Kronprinsparet spiller Fifa i Drammen

Aryan (13): – Ja, han var god, men det er jeg som er kongen i Fifa