Hopp til innhold

Nye Drammen sjukehus får stråleavdeling: – Kan redde liv

Kreftbehandlinga skal bli mykje betre når det nye sjukehuset i Drammen står ferdig.

Strålebehandling

Nye Drammen sjukehus kan tilby strålebehandling. Som her, ved sjukehuset i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det at vi får bygd det nye sjukehuset gjer at får høve til å tilby behandling til fleire pasientar nærare der dei bur, seier avdelingsdirektør i Vestre Viken helseføretak, Anders Debes.

– Det er mange fordelar med det. Mellom anna at ein slepp reiseveg og også kan sleppe overnatting på pasienthotell. Ein slepp også å vise mellom sjukehusa, som gjer at ein kanskje raskare kan komme i gang med behandlinga, legg han til.

Helse Sørøst ANDERS JOHAN DEBES

Anders Debes er direktør medisin og helsefag i Vestre Viken helseføretak.

Foto: Jon P Petrusson / NRK

I 2025 opnar det nye sjukehuset i Drammen. Og då blir det også opna ei ny stråleeining, som på papiret skal bety at pasientar sparer tid og krefter på kortare reiseveg.

Frå før må pasientar i regionen til dømes reise til Radiumhospitalet i Oslo for å få denne typen behandling.

– Vil kvaliteten i Drammen bli like bra som på Radiumhospitalet?

– Det skal det absolutt vere. Stråleterapi blir ofte gitt i kombinasjon med anna behandling, som kirurgi, cellegift eller immunterapi. Det at vi kan få integrert stråleterapi gjer at vi tenkjer at det skal bli eit heilskapleg tilbod, og det skal sjølvsagt vere av like god kvalitet som vi kan tilby i Oslo, seier Debes og legg til:

– Utstyret og det vi skaffar no er av absolutt nyaste og beste kvalitet. Det meiner vi skal gi like god kvalitet som i Oslo.

Nye Drammen sykehus under oppføring

Når det nye sjukehuset i Drammen står klart i 2025 er håpa at 500 pasientar vil få kreftbehandling i løpet av det året. Allereie i 2026 håpar Vestre Viken at talet aukar til 6000.

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

Kreftforeningen jublar

For Kreftforeningen er det viktig at det beste tilbodet blir tilbode pasientar, uavhengig av kvar dei bur. Det fortel distriktsleiar i Kreftforeningen, Trine Hveem.

– Det er jo eit grunnleggjande prinsipp innan norsk helsevesen, og det er noko vi i Kreftforeningen har vore opptekne av i mange år. Vi heiar no på utbygginga i Drammen, men også i andre område av Sør-aust Noreg, seier Hveem.

Ho fortel at lang reiseveg for palliativ kreftbehandling kan føre til at pasientar takkar nei.

Distriktsleder i Kreftforeningen Trine Hveem

Trine Hveem er distriktsleiar i Kreftforeningen.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Kanskje har du ikkje eigentleg informasjon om kor stor betydning dette kan utgjere for livskvaliteten din. Men du har også ein kostnad som går på dette med reiseveg, seier Hveem før ho utdjupar:

– Vi veit at vi har eit underforbruk innanfor strålebehandling i dette området som det no skal etablerast stråleterapi. Då trur vi på at dette vil føre til at fleire pasientar vil nytte seg av denne moglegheita.

Illustrasjon fra inneområde på nye Drammen sykehus. Sykehuset åpner i 2025

Slik ser ein for seg at innsida av nye Drammen sjukehus skal sjå ut.

Illustrasjon: Link Arkitektur, Ratio Arkitekter og Bølgeblikk

Må bruke tid på å byggje opp fagmiljø

Allereie frå opninga av det nye sjukehuset i 2025 vil strålebehandlinga kunne takast i bruk. Ut året har då Vestre Viken eit mål om å gjennomføre 500 behandlingar. I 2026 ser ein for seg at 6000 behandlingar kan gjennomførast.

Men Vestre Viken er klare på at å byggje opp fagmiljøet vil ta tid.

– Vi har eit langsiktig mål om at omtrent 80 prosent av dei pasientane som treng stråleterapi i vårt område, skal få behandling ved det nye sjukehuset i Drammen, seier Debes.

– Vi har behov for å utdanne stråleterapeutar og kreftlegar. Det vil ta noko tid å byggje opp, men den prosessen er allereie i gang, fortel han vidare.

– Vil det vere med på å redde liv?

– Ja, det vil det jo vere. Dette er jo ein del av behandlinga som vi veit er med å redde liv i mange samanhengar. Og så vil det også vere med på lindre ein del plager, seier Debes.

Les også Mener enkle grep kan hindre milliardsprekk på megaprosjekter

Båttur med båten Kysten i regi av Sykehuset i Vestfold

Både Vestre Viken, Drammen sjukehus, Drammen kommune og Kreftforeningen speler ei rolle for dei som blir ramma av kreft. Dei har derfor invitert til eit ope folkemøte på Knutepunkt Fjell i Drammen onsdag kveld.

Der kjem det informasjon om kreftomsorga i framtida i Drammen, samtidig som dei ønskjer seg innspel på kva folk meiner er viktigast.

– Målet er at innbyggjarane i Drammen og omland skal vere med på å seie litt om kva dei ønskjer seg med det nye sjukehuset, og korleis ein saman kan vere med på å lage gode tilbod og aktivitetar, seier Hveem.