Hopp til innhold

Her har dei brukt 5000 timar på å lage tomter på dugnad

SKURDALEN (NRK): Bygdelaget var lei av at kommunen berre satsa på hytteutbygging og laga 17 bustadtomter på dugnad. Distriktsforskar meiner ein er avhengig av dugnad for å halde liv i bygdene.

Skurdalen tomter

17 tomter står klare for bygging til våren i bygda Skurdalen som slit med fråflytting. Det ville aldri ha vore mogleg utan iherdig dugnadsinnsats.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Mens hyttefolk og turistar fyller opp Geilo kvar helg og i feriar, slit utkantane, som bygda Skurdalen ei dryg mil unna. Dei 190 innbyggarane lev i konstant frykt for at skulen blir lagt ned, sjølv om dei veit at mange kunne tenkt seg å bu her.

Det store problemet har vore at det ikkje finst tomter og det er fleire år mellom kvar gang det er hus til sals eller leige. For landets nest største hyttekommune Hol, blei det for dyrt å satse på tomter i bygda.

Skulle det vere mogleg å få nye tomter og folk til bygda måtte det dugnad til.

– Det er veldig mykje som er basert rundt hytteutbygginga. Det er der prioriteringa har vore i heile kommunen. Så me bestemte oss for å ta skeia i eigne hender. Det måtte dugnad til for å halde kostnadane nede, seier Britt Haugen i Skurdalen bu og bygdelaug.

Elisabet Øydvin

Elisabeth Øydvin frå Ulvik og sambuaren Marius Løvås frå Jørpeland flytta frå Rogaland med dottera Vilde (åtte månader) før sommaren.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK Buskerud

Har gjort alt av regulering og planlegging

Bygdelaget fekk ansvaret for alt av planlegging, søknader, regulering og utforming av avtaler. Hol kommune gav bygdelaget grønt ljos og bidrog med tre tomter gratis. Lokale grunneigarar selde resten av grunnen til rimeleg pris.

Det har tatt tre år og 5000 dugnadstimar, men nå står 17 tomter byggeklare.

– Det er verdt det allereie. Det er gøy å stå her og sjå at tomtene har blitt til og at dei fyrste har kome hit, smiler leiar i bygdelaget, Mari Fjørtoft Bjørnstad.

Elisabet og Britt i Skurdalen bu og bygdelaug

Ingen av eldsjelene i bygdelaget hadde kompetansen som skulle til for å lage reguleringsplanar og søkje om tilskot og midlar. 6–7 millionar er spytta inn i prosjektet og dei anslår dei har spart 3,5 million på å gjere alt på dugnad.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Men det er ikkje sikkert me hadde stått her i dag om me hadde visst kor mykje jobb som skulle til, legg ho til.

Ville bu ein stad med fjell og snø

Elisabet Øydvin og sambuaren Marius Løvås flytta til Skurdalen frå Jørpeland før sommaren og er dei fyrste som er klare for å busette seg i det nye bustadfeltet.

Dei har funne drøymetomta med utsikt til Hardangervidda og Skurdalsfjorden, og har skiløypene like bak i skogen.

– Me leita etter ein stad med snø og fjell, der me kan bruke naturen i kvardagen utan at det tek tid å kome seg ut, fortel Øydvin.

Vilde i Skurdalen

Vilde på åtte månader blir eit av mange barn bygdelaget håpar skal vekse opp i det nye bustadfeltet. Ho vil få både barnehage og skule 200 meter unna.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Prosjektet med tomter på dugnad synest dei var spennande.

– Det er jo veldig unikt og ein føler seg veldig velkomen. Da me kom hit var det litt sånn «Oj, kva er det me gjort nå». Men så blei me kjent med litt folk og oppdaga at det var ein veldig fin stad med mange bra folk.

Kan få til mykje med stor vilje

Seniorrådgjevar ved Distriktssenteret, Hildegunn Nordtug trur små bygder treng eit stort lokalt engasjement for å leve godt framover.

– Eg trur mange løysingar både nå og i framtida avheng av frivillig innsats, der vanlege innbyggarar og lokalt næringsliv saman med kommunen skapar løysingane saman, seier Nordtug som har høyrt om bygdelag som har tatt liknande initiativ.

Hildegunn Nordtug

Distriktssenteret jobbar for å styrke attraktiviteten til kommunar og regionar. Da er attraktive bustader viktig, fortel seniorrådgjevar Hildegunn Nordtug.

Foto: Distriktssenteret

Men eit heilt bustadfelt på dugnad kjenner ho ikkje til frå før.

– Det er ikkje sikkert det som er gjort i Skurdalen er ein mal for andre plassar, men det viktigaste bodskapet er at ein kan få til noko med ei så stor vilje og uthald som dei har vist.

Skurdalen

Den vesle familien såg etter ein stad der dei kunne bu eit stykke utanfor sentrum – Ved å bu i Skurdalen får du eit bygdemiljø på kjøpet, som ein ikkje får på Geilo. Eg trur ein får det beste av alle verder.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Dei har dratt på skikkeleg

Ordførar i Hol kommune innrømmer at dei ikkje har fokusert nok på tilflytting til bygda og applauderer initiativet.

– Det engasjementet dei har viser at dei verkeleg vil ha fleire folk. Dei har dratt på skikkeleg og fått til eit veldig spennande konsept som eg trur me kan lære av, seier ordførar, Petter Rukke (Ap).

Petter Rukke ved kraftanlegg i Hol

Ordførar i landets nest største hyttekommune, Hol synest tiltaket frå dugnadsgjengen i Skurdalen er veldig godt. Han trur fleire kommunar kan lære av det dei har fått til.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Sjølv om dugnadsgjengen gjerne skulle hatt litt meir draghjelp frå kommunen, trur dei at det må dugnad til skal ein klare å stoppe den store fråflyttinga i Bygde-Noreg.

– Eg trur iallfall det ein del stader. Det handlar om vilje, men sjølvsagt også om prioriteringar frå dei som bestemmer. Men dugnad hjelper jo til å skape tilhøyrsle og eigarskap til bygda, seier Bjørnstad.