NRK Meny
Normal

I denne dalen skal kommunalministeren få slite

Etter brakvalet til Senterpartiet i store delar av landet kan planane til regjeringa om å slå saman kommunar strande. – Sanners versjon av kommunereforma er avlyst, seier Kongsbergs nye Sp-ordførar.

Kart over Senterpartiet i Numedal

I Numedal har det blitt veldig grønt, politisk sett. I Kongsberg og Flesberg har Senterpartiet tatt over ordførarkjeda. I Nore og Uvdal held Sp makta endå ei periode, og i Rollag kan ordførarvervet ende hjå partiet til veka.

Foto: NRK

På landsbasis gjekk oppslutninga om Høgre kraftig ned. Saman med Miljøpartiet De Grønne var Senterpartiet valets store sigerherre. I kommunane oppover Numedal i Buskerud teiknar eit stadig grønare kart seg. Det kan Kommunalminister Jan Tore Sanner få merke, seier ordførarane NRK har snakka med.

– I mitt hovud er kommunereforma avlyst

Kari Anne Sand, Senterpartiet

Den nye ordføraren i Kongsberg, Kari Anne Sand, har særs lite tru på at kommunereforma blir gjennomført slik regjeringa ønskjer.

Foto: Ingar Andreassen / NRK

Den nyvalde ordføraren i Kongsberg, Kari Anne Sand legg ingenting i mellom. Etter at Arbeidarpartiet har hatt ordførarkjeda i tre periodar, tar Senterpartiet no over. Sand kjem ikkje til å slite seg ut for å gjere Kongsberg kommune større enn den er.

– Kongsberg kommune har hatt møter med nabokommunane Flesberg og Øvre Eiker for å sondere samanslåing, som det heiter. Men valresultatet viste tydeleg at folk ikkje har tru på Høgres draum om større kommunar. Høgre går kraftig tilbake.

– I mitt hovud er regjeringas kommunereform lagt død. I alle fall slik den er kommunisert til no, seier ordføraren.

I Kongsberg er det gjennomført ei innbyggarundersøking om fleire tema. Den er klår tale frå folket, meiner Sand:

– Den viste eit tydeleg fleirtal mot å endre kommunegrensene i Kongsberg. Og det interessante var at motstanden var størst blant dei unge veljarane.

– Vi har aldri fått tydeleg for oss kva gevinsten skal vere

I kommunen Flesberg, lengre opp i Numedalsområdet, sukkar nyvald Sp-ordførar Oddvar Garaas. Han fekk med seg ei dobbelt så stor gruppe senterpartistar i kommunestyret enn i førre periode.

Oddvar Garaas

I Flesberg fekk den nye ordføraren Oddvar Garaas med seg dobbelt så mange frå Sp inn i kommunestyret som for fire år sidan.

Foto: privat

– Vi har ein plan del kor vi vurderer korleis det blir om vi slår oss saman med Rollag, men det er mest for å ha noko å vise til om kommunalministeren trugar med å straffe oss økonomisk for ikkje å ville slå oss saman. Men sidan stortingsfleirtalet har lovd at det ikkje blir snakk om tvang, er vi rolege rundt det.

Garaas meiner heile tanken om å lage store kommunar er dårleg grunngitt. Oppgåvene kommunane skal bli betre på å løyse blir neppe lettare å takle med lange avstandar til administrasjon og kommunehus, meiner ordføraren.

Jan Tore Sanner

Kommunalminister Jan Tore Sanner får klar melding frå ordførarane i heile dalføret i Numedal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi har uansett vedteke at vi må ha ei folkeavstemming om å slå oss saman med andre. Eg trur vårt tydelege standpunkt mot kommunereform har vore medverkande til at vi gjorde eit så godt val i år. Å jobbe vidare med kommunereforma er eigentleg ikkje noko vi prioriterer, seier Garaas.

Endå lengre nord ligg kommunen Rollag, kor Senterpartiet kan ende opp med ordførarkjeda over helga. Lengst oppe i Numedal ligg Nore og Uvdal kommune. Der held Senterpartiets Eli Hovd Prestegården fram som ordførar.