Hopp til innhold

Fleire namn gravert inn på minnestaden på Utøya

Stadig fleire pårørande til ofra etter terrorangrepet på Utøya, seier ja til få namna til sine kjære gravert inn på minneringen på øya.

Minnested på Utøya

Blant mange forslag, blei det semje blant dei etterlatne etter 22. juli om at minnestaden skulle sjå slik ut. Då den vart opna i fjor var det ikkje alle familiane som ønska at namna til sine skulle vere inngravert i metallringen. I år er det fem nye namn på ringen.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Dagleg leiar for Utøya, Jørgen Watne Frydnes, fortel at fleire familiar no vart klare for å få namna på sine familiemedlemmar inngraverte.

– Det har vore ein prosess som har gått sidan i fjor sommar, da vi fekk på plass minneringen. Vi har heile tida hatt kontakt med dei familiane som ikkje var klare for å ha namnet til sine inngravert, seier Frydnes.

Kolbein Fridtun

Kolbein Fridtun ved ringen der dottera sitt namn er skore ut.

Foto: Benedikte Fjelly / NRK

Ringen heng i ein vakker lund i eit skogholt på Utøya. 69 menneske mista livet, og de etterlatne vil for alltid ha vonde minner. I fjor var dei pårørande på dugnad for å rydde skog, leggje steinheller og gjere minnestaden klar til fireårsmarkeringa 22. juli. Då sa Kolbein Fridtun at det heile var ein vond, men god prosess. Han mista dottera Hanne Kristine Fridtun, som vart berre 19 år gamal.

– Eg får ein klump i halsen når eg står her. Det er vel kanskje ikkje så rart, for namnet til dottera mi heng her på ringen, sa Fridtun då.

Arbeidet med minnestedet på Utøya ble avsluttet i dag. Det åpnes offisielt den 22. jule, på dagen fire år etter at 69 mennesker ble drept.

Slik vart minnelunden på Utøya. I eit skogholt ligg ei steinlagt opning med ein blank metallring hengande i midten. Der står namna til dei fleste av dei 69 som mista livet på øya 22. juli 2011. Fem nye namn er på plass til årets femårsmarkering.

Fem nye namn i år

Fleire av dei etterlatne har blitt klare for at namna til sine skal få plass på metallringen. Kort tid før femårsmarkeringa, er fem nye namn gravert inn.

– I løpet av året har dei gitt sitt samtykke til at namna skal bli inkludert blant dei andre ofra. Mange har sett at det har blitt ein verdig og vakkert stad for å minnast sine. Nokre har brukt lengre tid enn andre på å bli klare. Difor valde vi ei løysing som gjer det mogleg å utvide minneringen etter kvart som åra går, seier Frydnes.

Dugnadsgjeng legger på plass steiner ved minnestedet på Utøya

MINNER OG LATTER: Dugnadsgjengen jobbar for å få minnestaden klar i fjor sommar.

Foto: Hans Petter Reppe / NRK

Frydnes på peikar at minnelunden på Utøya ikkje må forvekslast med den nasjonale minnestaden på Sørbråten, på landsida, som det har vore ein del usemje om.

– Minnestaden her ute har hatt heile vegen brei tilslutning og har blitt ein veldig flott og verdig stad.