Hopp til innhold

Heidrar kvinnelege idrettsheltar med gatenamn

Gater flest er oppkalla etter dyr, blomar og menn. Men i denne kommunen har ordføraren fått ein tankevekkar.

Veiskilt "Maren Lundbys vei"

Einar Lundbys veg har måtte finne seg i å dele namn med Maren Lundby i Modum.

Foto: Christine Breivik Øen / NRK

– Her har vi det første skiltet, Anette Sagens veg. Ho har gjort ein stor jobb for å få kvinneleg hoppsport dit den er i dag.

Iver Holte foran veiskilt

Iver Holte vil gjerne heidre kvinnene i hoppsporten.

Foto: Christine Breivik Øen / NRK

Det fortel Iver Holter.

Han står og ser på eitt av dei 20 nye gatenamna som har dukka opp i kommunen. I Modum fanst det nemleg ikkje ein einaste veg kalla opp etter ei kvinne før natt til 8. mars.

Og kommunen er truleg ikkje aleine.

Vegen til likestilling

Når det gjeld vegnamn er det framleis langt igjen før likestilling er oppnådd. Dei aller fleste vegane som er oppkalla etter personar, er oppkalla etter menn. Kvinnene glimrar med sitt fråvær.

Karsten Lien ved Statens Kartverk

Karsten Lien jobbar med stadnamn og adressar i Statens kartverk

Foto: Privat

Vi kan vel seie det sånn at det er altfor få. No har vi ikkje eksakte tal, men gjennom stikkprøver har vi funne ut at det er langt fleire menn enn kvinner som har gater kalla opp etter seg.

Det seier Karsten Lien. Han er seniorrådgivar i Statens kartverk.

Dette har med tradisjonar å gjere. Mennene har vore meir synlege i tidlegare tider, og mange av gatene i byane våre har hatt namn veldig lenge, og då var det tradisjon for at det var mennene som var mest synlege.

Les også Natten da glemte kvinner får sin plass

Kvinnefronten Agder

Kommunanes ansvar

Det er kommunane som har ansvar for å gi namn til nye gater og stader som blir etablerte. Lien fortel at fleire gater har fått kvinnelege namn dei siste åra fordi kommunane har vorte meir medvitne.

Iver Holter, og det lokale reklamebyrået han jobbar i, står bak stuntet i Vikersund. Det vart sett i gang for å heidre kvinnene, og spesielt kvinnene innan hoppsporten.

Laurdag 18. mars skal nemleg kvinnene hoppe i Vikersundbakken for aller første gong.

Det er 19 år sidan Anette Sagen sette utfor bakken som prøvehoppar. Sidan den gong har ein kjempa for at kvinnene skal få delta i skiflygingsrenn. Snart blir det endeleg ein realitet.

  • Det er ikkje berre skihopparar som blir heidra i Modum. Sjå fleire av idrettsheltane som får eige gatenamn:
Anna Odine Strøms gate i Modum

Anna Odine Strøm er ein av dei aktive hopparane som blir heidra med eige gatenamn.

Marit Bjørgens gate i Modum

Tidenes mestvinnande vinterolympier har sjølvsagt fått ei eigen gate.

Kathrine Switzers vei i Modum

Den amerikanske maratonløparen Kathrine Switzer vart i 1967 den første kvinna til å løpe Boston maraton.

Stine Lise Hattestads vei i Modum

Kulekøyrar Stine Lise Hattestad plukka med seg eit OL-gull på heimebane i 1994, og ein eigen veg i Vikersund.

Anita Wolds vei i Modum

Anita Wold var den første kvinnelege hopparen i Holmenkollen, og ho var prøvehoppar i den tysk-østerrikske hoppveka i 1975/76.

Vil jobbe for å kalle opp nye vegar etter kvinner

Ordførar i Modum kommune, Sunni Grøndahl Aamodt, synest det er kleint at kommunen ikkje har eit einaste offisielt kvinneleg vegnamn. Derfor jublar ho for stuntet.

Eg vart berre blid og glad. Det er moro at nokon har funne på noko sånt.

Ho meiner det er bra at kommunen har blitt gjort merksam på saka. I framtida vil ho ivre for at dei kallar opp nye vegar etter kvinner.

Sunni Grøndahl Amodt foran veiskilt "Line Jahrs vei".

Sunni Grøndahl Aamodt (Sp) er ordførar i Modum kommune.

Foto: Christine Breivik Øen / NRK

Kva er gata du bor i oppkalla etter?

Flyttar heim om ho får eigen veg

Skihopparen Line Jahr er ein av dei som har fått sin eigen veg i Modum.

Line Jahr

Line Jahr kan la seg lokke heim til Modum, viss vegnamnet blir permanent.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Eg synest det var skikkeleg stas at eg også fekk namnet mitt på ein veg. Det var veldig positivt og gledeleg, seier Jahr.

Ho synest det er trist at det ikkje finst ein einaste veg kalla opp etter ei kvinne i kommunen.

Men dersom Line Jahrs veg blir eit permanent vegnamn er ho ikkje framand for å flytte tilbake til heimkommunen.

Viss dei vil ha meg tilbake så får det bli ei Line Jahrs veg, og då skal eg bu i nr. 1, ler ho.

Veiskilt "Line Jahrs vei".
Foto: Christine Breivik Øen / NRK

Les også Foreldre blir ikke enige – får «pike» eller «gutt» som fornavn

Namn, stillbilde