Hopp til innhold

Eigen los får ungdommen opp om morgonen

GOL/DRAMMEN (NRK): Ungdom som har falle utanfor skulen i Hallingdal får hjelp av fleire ungdomslosar. Det kan bety å hente ungdommane heime for å få dei på skulen. Det har gitt resultat.

William Skjerdal

16-åringen William Skjerdal frå Hallingdal gler seg til kvar dag på skulen. Slik har det ikkje alltid vore.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

16 år gamle William Skjerdal sleit på skulen og hadde høgt fråvèr. Han har fått hjelp frå ein eigen los i halvanna år, og er på ein heilt annan stad no. Hallingdal sitt lågterskeltilbod for ungdom som slit, Hallinglosen, hjelp mange ungdommar på rett kjøl igjen.

– Eg sleit med skulen, det var difor eg kom inn i dette. Eg var dårleg til å gjere lekser på eige hand. Ungdomslosen min, Dag, har hjelpt meg mykje, seier 16-åringen.

– Korleis fungerer det for deg no?

– Det går mykje betre enn før. Karakterane er betre og eg jobbar meir i timane på skulen. Eg fokuserer rett og slett meir, seier 16-åringen.

Hentar dei heime om naudsynt

Charlotte Haaland og Dag Stemsverk er

Charlotte Haaland og Dag Stemsverk er Hallinglosar og hjelp ungdom med både å komme seg på skulen, lekser og å få kontakt med hjelpetenestene i kommunen.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Charlotte Haaland er ein av dei to ungdomslosane i Hallingdal. Dei rettleiar og hjelper ungdom mellom 15 og 21 år.

– Hensikta er å hjelpe dei som slit med skulen og å hjelpe ungdom som er heilt utanfor både arbeidsliv og skulen attende dit.

Ho fortel at det òg betyr å bokstaveleg tala lose ungdommane til skulen.

– Det skjer at vi må reise heim og vekke ungdom, og ta dei med til skulen. Men vi hjelp òg til med å komme i kontakt med barnevern, skaffe praksisplass i bedrifter og støtte ungdom i møter med NAV.

Billigare enn at ungdom fell utanfor

Den andre ungdomslosen, Dag Stemsverk, er redd for at politikarane skal avslutte dette prosjektet allereie no. Det er snakk om å kutte kostnader.

– Det er synd dersom vi må slutte med prosjektet, det er stort behov for å vere oppsøke ungdommen der dei er. Vi har sett tilfelle kor dette har ført til innsikt i andre ungdommars problem òg.

Barnevernsleiar Helene Sagabråten i Hallingdal barnevernsteneste seier at det vil spare kommunane i Hallingdal for mykje pengar ved å framleis satse på Hallinglosen.

Helene Sagabråten, barnevernsleiar i Hallingdal

Barnevernsleiar Helene Sagabråten meiner ungdomslosane er særs nyttig bruk av offentlege midlar.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Det er sjølvsagt mykje billigare å førebyggje enn å reparere i etterkant. Dette er eit lågterskeltilbod kor ungdommen synast det er "ufarleg" å få hjelp. Vi ser at mange av familiane vi har kontakt med har store utfordringar.

Etter å ha fått hjelp av ungdomslosen, gler William Skjerdal seg til å gå på skulen kvar dag.

– Eg er kjempenøgd, og ein venn av meg som strauk i fleire fag har både firarar og femmarar i karakterar no etter at ungdomslosen kom inn i biletet.