Hopp til innhold

Danskane har blitt betre alpinistar

Myten om folket frå det flate landet ikkje taklar norske bakkar er utdatert. Hyppige skiferiar og turar til både alpane og den norske fjellheimen gjer at danskane er mindre representert i skadestatistikken enn før.

Skituristar i Geilo

Dei mest ihuga danskane bruker gjerne to og tre veker på å betre skiferdigheitene kvart år. Nordmenn trivst betre og betre i sydenvarmen.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Danskane har blitt merkbart betre på ski dei siste åra. Dei er faktisk i ferd med å slå oss nordmenn i skibakken, meiner kommuneoverlege og spesialist på alpinskadar Harald Lystad i Hemsedal.

– Danskane har blitt betre fordi dei står oftare på ski. Dei har vore i alpane og kjem hit til Noreg i tillegg. Myten om at danskar er dårlege på ski må ha kome av at dei tidlegare var nybyrjarar når dei kom hit. Slik er det ikkje lenger, seier Lystad.

Geilo

Denne veka er det ekstra mange frå Danmark som tek ei ferieveke ved skidestinasjonane i Noreg.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Knut Erik Hallingstad som har jobba 25 år i skiheisane på Geilo, har og merka ei tydeleg forbetring i skiferdigheita til dei danske gjestane. No ser vi ikkje skilnad på ferdigheitene til nordmenn og danskar.

Knut Erik Hallingstad

Knut Erik Hallingstad har jobba 25 år i skiheis. – Danskane slår oss i skibakken, seier han.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Det har endra seg veldig i løpet av mine tiår i bakkane her. Før generaliserte vi og sa at danskane var forferdeleg dårlege på ski.

– Kva har skjedd?

– Dei bruker mykje meir tid i bakken. Når vi opnar klokka halv ti om morgonen står dei klare til å ta heisa opp i bakken. Og medan nordmenn kanskje brukar ei ferieveke i løpet av året på ski, bruker danskane to-tre veker. Vi er blitt meir glad i sommaren og sydenferie, seier Hallingstad.

Skadar seg mindre enn før

Knut Erik Fosskaug, Geilo skipatrulje

Knut Erik Fosskaug er avdelingsleiar i Geilo skipatrulje. Han trur mange danskar bruker meir tid i alpinbakkane omkring i Europa enn nordmenn gjer.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Søren Nielsen frå København har teke med seg to søner og reist til Geilo på skiferien denne veka. Han avviser at danskane har blitt betre enn nordmennene på ski, men seier det danske folk er ihuga skituristar.

– De siste ti-femten årene har vi reist på skiferie til Sverige og Norge som aldri før. Men like gode som nordmenn er vi neppe, smiler Nielsen.

Knut Erik Fosskaug er avdelingsleiar i Geilo skipatrulje. Han seier talet på uhell i skibakkane på Geilo er omtrent som i fjor på denne tida, sjølv med mange danskar i løypene.

– Dei nyttar heilt klart vinterdestinasjonane meir enn før. Danskane bruker nok skia meir enn mange nordmenn gjer i dag.