Hopp til innhold

Camper framfor politihuset for naudpass

– Eg var så glad da eg så at det berre var to stykk her, for eg frykta det skulle vere fleire hundre, seier Kaja Storstein som ventar i naudpasskø.

Nødpasskø

VENTAR: Folk har campa framfor politihuset i Drammen sidan før klokka seks onsdagsmorgon.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Kaja Storstein

Kaja Storstein og sonen reiser til England i morgon.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Fleire hadde møtt opp før klokka seks i dag, utanfor politihuset i Drammen, for å prøve å sikre seg eit naudpass før ferien.

– Er det nokon som vil ha sjokolade, spør Kaja Storstein der ho står med ei stor melkesjokoladeplate. Ho og sonen er dei tredje som har stilt seg i kø, litt over klokka seks onsdagsmorgon.

Måtte stå opp tidleg

Ved sida av ho, sit Hanne Hårstad og Laura Vapsva. Dei kom litt før klokka seks i dag tidleg, og har rigga seg til med både liggeunderlag, arbeids-PC og campingstol.

Hanne Hårstad, Einar Hårstad
– Jeg har prøvd å få pass siden januar, seier Hanne Hårstad sammen med sonen Einar.
Pass
Nye nødpassregler gjelder fra 22. juni.
Henning Rønhovde, NRK

Men sjølv om dei alle kom i seks-draget, såg ventetida ut til å bli lang.

– Det står på nett at dei skal opne halv åtte, men google seier halv ni, så det blir spennande å sjå kor lenge me må sitte. Eg tenkte uansett at eg skulle prøve å få jobba litt medan eg sit her, seier Hårstad.

Vi opna klokka 07.30 og det er noko pågang, men vanskeleg å si korleis det blir. Vi prøver å hjelpe alle etter ein prioritet, vi må også handtere de som har ordinær time, seier Torill Sorte, hos Sør-øst politidistrikt.

Torill Sorte, enhetsleder i politiet i Sør-Øst

Torill Sorte i Sør-øst politidistrikt seier de prøver å hjelpe alle.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Litt før halv åtte var alle komen seg inn på politihuset.

Les også Alvorlige problemer med produksjon av pass og ID-kort

Nytt pass i 2022

Gler seg til ferietur

Laura Vapsva

Laura Vapsva reiser til Hellas med familien i morgon, og treng naudpass til dottera si.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Alle tre reiser dei innan kort tid og treng naudpass til ungane sine.

– Me skal til Kreta, og gler oss veldig, fortel Laura Vapsva.

Tysdag endra politiet reglane for kven som kan få naudpass. Det betyr at det frå i dag av skal bli enklare å skaffa seg eit naudpass så lenge du har bestilt feriereisa di før 1. juni, eller du skal ha til nokon under 18 år.

«Hysterisk mor»

I 09-tida kjem Hanne Hårstad og sonen Einar Hårstad Gjørven ut frå politistasjonen. Sidan januar har ho forsøkt å få pass, utan å lykkes.

– Dette har vore ei lang reise. No er eg både sliten, glad og letta.

I handa held ho naudpasset til sonen.

– Vi visste at vi fylte alle kriterier for å få naudpass med tanke på avreisetidspunkt, barn under 18 og alt dette, seier Hanne Hårstad.

Politiet derimot mente at dei ikkje trengde å bestille naudpass fordi de kunne sjå i systemene at ordinært pass som var bestilt var på veg i posten.

– Da blei eg relativt opprørt! Saksbehandlar mente eg burde dra heim og heller kome tilbake på fredag. Då var eg på kanten til å vere hysterisk mor. Eg har ikkje vore her sidan 06 for å ikkje få naudpass.

Hanne Hårstad, Einar Hårstad

Endeleg! No kan Hanne Hårstad og sonen Einar Hårstad Gjørven reise.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

Stort forbetringspotensial

Familien har vore på ein liten «passturné» det siste halve året.

– Blitt veldig godt kjent med dei lokale politikontora: Sandvika, Drammen, Grønland og Ski. Unødvendig slitasje. Mykje frustrasjon. Dette gjeld mange familiar.

– Har du forståing for politiets og saksbehandlaranes arbeid?

– Det er et stort forbetringspotensial vil eg sei. Men lukke til vidare med å få dette til å gli smooth, seier Hanne Hårstad.

Måndag reiser familien på ferie til Frankrike.

– No gleder eg meg veldig! Det har vore mykje fram og tilbake med dette passet, seier Einar Hårstad Gjørven.

– Kva med flystreiken, da?

– Ja ... altså. Hm. Vet nesten ikkje om eg tør å tenke på det.

Hanne Hårstad jobbar til dagleg i Strategi og analyse i NRK.