Hopp til innhold

Øver på skogbrann: – Det kan fort gå gale

Drammensregionens brannvesen og Sivilforsvaret har inngått ein treårig avtale om felles skogbrannopplæring.

Kurs Skogbrann

Brannvesenet og sivilforsvaret skal dei neste tre åra øve saman på skogbrannsløkking.

Foto: NRK

– Vi er vande til å samarbeide, men da samarbeider vi først når uhellet eller ulykka er i ferd med å skje eller har skjedd. Nå har vi starta eit samarbeid for å førebu oss i fellesskap, fortel Espen Haugseth, avdelingsleiar i Sivilforsvaret.

Denne veka samlast Drammensregionens brannvesen og Sivilforsvaret i Ullernskogen i Øvre Eiker. Her skal dei saman øve på skogbrannsløkking.

– Vi har laga eit område der vi lèt som det går føre seg ein større skogbrann. Her skal vi prøve å løyse oppgåvene vi løyser kvar for oss, i større grad meir effektivt saman, seier Haugseth.

Avdelingsleder i Drammensregionens brannvesen, Øyvind Lothe og Espen Haugseth, avdelingsleder i Sivilforsvaret står å snakker sammen.

Øyvind Lothe frå Drammensregionens brannvesen og Espen Haugseth frå Sivilforsvaret planlegg skogbrannopplæringa denne veka.

Foto: Balsharan Kaur / NRK

Partane har inngått ei treårig avtale om felles skogbrannopplæring. I denne perioden skal 350 frå Sivilforsvaret og rundt 100 frå brannvesenet blir trena.

Brannvesenet har avgrensa ressursar mannskapsmessig. Sivilforsvaret har mykje ressursar.

– Dermed vil det ved store brannar vere verdifullt for brannvesenet å kunne få støtte frå aktørar som Sivilforsvaret, seier avdelingsleiar i Drammensregionens brannvesen, Øyvind Lothe.

Gult farevarsel

Avdelingsleder i Drammensregionens brannvesen, Øyvind Lothe ser inn i kamera og smiler.

Avdelingsleiar i Drammensregionens brannvesen, Øyvind Lothe håpar folk tenke seg godt om før dei fyrer i marka.

Foto: Balsharan Kaur / NRK

– Skogbrannar er veldig ressurskrevjande hendingar som kan gå over lang tid, seier Lothe.

Eit godt samarbeid og felles opplæring betyr at arbeidet med å sløkke skogbrannane kan gjerast meir effektivt, fordi alle dei involverte «snakkar same språk», fortel han.

Dei fleste brannane i ut- og innmark skjer i perioden april til juni.

– Akkurat nå er det inne i ein litt skummel periode, før det begynner å bli grønt. Trevirke og restar frå fjoråret kan fort ta fyr, og det kan bli ein stor skogbrann av det, fortel han.

Les også Usikker på bålforbudet? Her er fem gode råd

Bål

Måndag 15. april starta det generelle bålforbodet i Noreg. Brannvesenet har sett skogbrannfareindeksen til gul. Det vil seie at det er relativt stor fare for at det kan ta fyr i skog og mark.

– Derfor er det ekstra viktig at det finst eit godt samarbeid og rutinar om det først skulle skje noko, seier avdelingsleiaren i Drammensregionens brannvesen.

Skogbrannøvinga starta måndag og vil vare fram til fredag. Dei kjem ikkje til å tenne på skog, men vil øve på organisering og bruk av utstyr.

Området vil også vere fullt tilgjengeleg for allmenta.

– Å sløkke brannen på ein sikker, god og trygg måte er målet vårt. Det er mykje energi i ein skogbrann, og det kan fort gå gale. Derfor er det viktig å gjere desse tinga rett, seier Lothe.

Tørrkokt kjele

Denne kan koste deg dyrt: – Tusenlappene flagrer