Hopp til innhold

Vil ikkje selje Kongsberg Gruppen

Det er ikkje aktuell politikk for Høgre at staten sel seg meir ned i Kongsberg Gruppen. Det slår stortingsrepresentant Trond Helleland fast. Arbeidarpartiet bruker slikt nedslag i sin argumentasjon mot Høgre før det kommande stortingsvalet. Det er frykt for tap av arbeidsplassar og sensitiv forsvarsteknologi som ligg bak påstanden. Men nedsal i Kongsberg er ikkje eit tema, seier Helleland.

Trond Helleland
Foto: David Krekling / NRK