På Modumheimen i Buskerud sitt Audun Eriksen og gler seg over tiltakslysta til ungdommane i kommunen. Då kommunen rundt påsketider lyste ut ti sommarjobbar som trivselsassistentar raste søknadane inn. Så har det vore skikkeleg søknadsprosess, med jobbintervju til slutt.
– Eg trur vi fekk femti søknadar frå ungdom mellom 16 og 18 år. Vi ser helst at dei som får jobbane er frå bygda, at det er tak i dei og at dei er noko modne, fortel Eriksen.
Han har, dessverre for dei unge som treng ekstra pengar til sommaren, ingen fleire jobbar å tilby. Totalt ti ungdommar får jobbe tre veker kvar med å skape hygge for dei eldre.
– Ungdom vil ikkje jobbe heile sommaren uansett. Det er ein ny tendens vi ser. No skal dei tene pengar i ei avgrensa periode, så skal dei ut og reise med vennar.
Særs få jobbar igjen
Søker du i systemet til NAV er det i dag dukkar det opp berre 55 treff på «ferievikar» og 55 treff på «sommarjobb». I til dømes Buskerud er det berre fem moglege sommarjobbar, og alle krev høg kompetanse som sjukepleiar eller bioingeniørstudent.
– Dei fleste søker på sommarjobb allereie frå februar av, så det er lovleg seint no. Men søk både på nav.no og finn.no. Det gjeld å vere kreativ. Det finst til dømes turistbedrifter kor sommarvikarar ikkje har dukka opp, seier direktør i NAV Buskerud, Elisabeth Holen.
Ho seier det blir stadig færre av dei tradisjonelle sommarjobbane, som jordbærplukking og jobb på fiskemottak. Men ho håper døra ikkje er lukka heilt i landbruket heller.
– Oppsøker norsk ungdom ein stor gard og ønsker å plukke, så er eg sikker på at det er moglegheiter. Elles gjeld det å tenke kreativt og skaffe seg småjobbar som husmåling, hundepass og alt ein kan komme på, seier Holen.
Hugs at du har klare rettar når du jobbar i sommar. Både til løn, matpausar og arbeidsvilkår.
Butikkar vil helst ha kompetanse
Til Kiwis butikk i Hønefoss kjem det kvar veke fire-fem ungdommar med CV-en sin. Nokre berre leverer arket og går, andre vil gjerne selje seg inn. Dagleg leiar Jonathan Røsby har ikkje så gode nyheiter å gi dei.
– Vi har eigentleg ikkje noko som helst jobb til dei som ønsker å jobbe i butikken om sommaren. Dei studentane og ungdommane som jobbar deltid gjennom året vil gjerne tene litt ekstra om sommaren. I år tek vi ikkje inn nokon nye, fortel Røsby.
Butikksjefen meiner det tek for lang tid å lære opp sommarvikarar, og føretrekker å nytte dei som allereie har butikkrutinar og varelager i fingrane.