Hopp til innhold

Diktaren Per Sivle

Den 6. april 2007 var det 150 år sidan diktaren Per Sivle vart fødd. I programmet ”Mennesker jeg møtte” får vi høyre Anders Hovden sjølv skildre Per Sivle og venskapen deira.

Per Sivle

6. april 2007 var det 150 år sidan diktaren Per Sivle (1867 – 1904) vart fødd. Han miste mor si då han berre var to og et halvt år. Han fortalde sjølv at han hugsa henne som eit ljos, og har skrive ein vakker song til hennar minne, ”Den fyrste song”.
Sivle ville gjerne studere til prest, men han vart sjuk og fekk forbod mot å lese. Livet hans vart mykje prega av sjukdom og av mangel på pengar.

I 1891 gav han ut romanen ”Streik”, som er reikna som Noregs fyrste arbeidarroman. Han skreiv også kraftfulle nasjonale dikt med emner frå Snorre, blant anna ”Tord Foleson”, humoristiske dikt og stubbar frå Voss, og nokre såre og gripande forteljingar for born, ”Berre ein hund” og ”Fante-Nils”.

Salmediktaren Anders Hovden (1860 – 1943) var ein nær ven av Per Sivle. Då Hovden like før han døydde vart spurt om kva som var det største han hadde opplevd i livet, svara han at det var venskapen med Per Sivle.
Sivle døydde for eiga hand i 1904. Året etter utgav Anders Hovden boka ”Per Sivle. Ei livssoge”.
I programmet ”Mennesker jeg møtte” får vi høyre Anders Hovden sjølv skildre Per Sivle og venskapen deira. Han seier blant anna at Per Sivle var ”den kvitaste sjel” han hadde møtt. Programmet er frå 1936.