God Valentinsdag! Eg las på ei internettside at dette er dagen då vi skal vie all vår oppmerksomhet til den vi elskar.
Dagen er full av romantisk kjærlighet; - av rosaraude hjerter og amorpiler. Det er visst lov å sende usignerte brev til den ein er forelska i også….
Valentin var ein lege og prest som levde i Roma rundt år 270. Han vart halshogd fordi han ikkje ville gje opp trua si på Kristus. Og då han endåtil gjorde underfulle gjerningar og fekk mange døypt, var det fleire som måtte døy saman med han.
Seinare har historia om Valentin blanda seg med ei anna Valentin-historie; om han som døydde med ei usvikeleg tru på kjærligheten.
Difor er St. Valentin kjærlighetens skytshelgen. Vår romantiske dag har altså utspring i ei nokså grusom historie!
Bibelteksten for dagen er faktisk også frå eit brev. Men ikkje eit usignert. Og ikkje romantisk.
Det er apostelen Peter som skriv: 1 Pet 5,8-11.
Ikkje eitt ord om romantisk kjærlighet. Men ord om forfølging og lidelse. Faktisk det same Valentin måtte oppleve då han vitna om det han trudde på.
Det er ikkje utenkeleg at Valentin kjende til dette brevet frå Peter, og at det var til trøyst for han i tider som var vanskelege.
Det er menneske rundt om i verda også i dag som opplever å bli forfølgt fordi dei trur på evangeliet om Jesus. Det er dei som må hente styrke frå nettopp desse orda frå bibelen som vi leste; som vert bore av trua på at dei ikkje er åleine, men at dei er del av eit større fellesskap – at dei som oss, er lemmer på Kristi kropp.
Også vi som bur i eit land der vi kan leve ut trua vår, lever med trugsmålet frå den brølande løva, - alt som er der og vil ta vår oppmerksomhet vekk frå Gud; frå det som gjev kjærlighet; vekk frå Han som er kjærlighet!
Ikkje eitt ord om romantisk kjærlighet slik vi tenker oss den, var det i bibelteksten på Valentinsdagen.
Men ord om handfaste eigenskapar vi som menneske og kristne treng for å møte alle dagar: Ord om ein kjærlighet som gjer fullt ut dugande; fast, sterk og grunnfest.
Orda er løfterike. Ein dag skal vi stå på fast grunn – på Guds kjærlighets grunn. Det er som om det lyfter blikket vårt og gjer oss i stand til å sjå lenger enn oss sjølv.
I dag på Valentinsdagen er det visst lov å vie oppmerksomheten til den vi elskar. Men alltid er det nødvendig å våge å sjå utover og gå til vår neste som treng oss. Kristi kjærlighet vil utruste oss med det vi treng for å gå.
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
Vi hører Kristin Asbjørnsen framføre sin versjon av Hamba Nathi sammen med koret "Høysangerne".