Teksten er henta frå Salme 126.
Nokon skal sikkert bruka denne dagen til å finpussa livslukka. Men eg trur me er fleire, me som i dag igjen må leita fram og halda opp iallfall ein god grunn til å leva. Visst er der dagar då livslysta og motet strøymer på. Men andre tider tar uro og tomleik og sakn så mykje plass at det blir ei utfordring å stå oppreist dagen igjennom.
Å tru, i kristen forstand, det handlar ikkje så mykje om kva eg innbiller meg kan vera mellom himmel og jord. Nei, tru dreier seg meir om livstru. Om å orka andre menneske. Å sjå mål på vegen framover som eg kjenner at eg vil og kan setja kreftene inn for å nå.
Nokon har tydelege prosjekt som dei er ein del av. Ser at det går framover, rundar port etter port i løypa, med få feilskjer. Veit med seg sjølv at dei er på rett plass i livet, har dei oppgåvene dei skal ha. At der er meining.
For andre er og blir det heile eit trusprosjekt. Det sikraste er tvilen. Trua – det er å seia: Eg er slett ikkje sikker på at alt er godt og rett og sant, som det er i dag. Men eg håpar at alt ein dag skal bli godt og rett og sant. Til sjuande og sist får det bli Guds ansvar at det skjer. Mi rolle i det er å leva som om det kjem til å bli sant sant.
Den som kjenner det slik, er ikkje den første i historia med ei slik kjensle. "Dei som sår med tårer, skal hausta med glederop". (Ps 126, 5) Det som skjer mellom såinga og hausten, det er det Gud som står for. Det gledelege nya, det kjem som ei glad overrasking.
"Det var for oss som ein draum", seier salmediktaren. Håp og livstru, det er som treårstrass. Ungen som trampar i golvet og nektar å akseptera at ting er som dei er, same kor håplaust det verkar å protestera. Håp - og tru – det er å venta på Gud, utolmodig.
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Tommy Körberg syngje "Jag skulle vilja våga tro".