Kanskje vitja du kyrkjegarden i går, på allehelgens dag. Kanskje tende du eit lys på ei grav, kanskje felte du ei tåre og kjende på ei sorg.
"Alltid salig, men ei alltid glad", song dei på kristne møte i min barndom. "Sæle de som no græt! De skal le", seier Jesus i bergpreika i Lukas 6.
Jesus står i lag med ein stor flokk med læresveinar og ei mengd med folk som er komne frå området ikring. Dei er der for å bli friske for sjukdomane sine og kvitt plagene sine; dei vil høyra han tala, og dei vil, viss det er mogleg, koma nær han og ta borti han, for det går ei kraft ut frå han som lækjer alle.
Då ser han opp, festar augo på læresveinane og seier:
"Sæle de fattige! Guds rike er dykkar. Sæle de som no svelt! De skal mettast.
Sæle de som no græt! De skal le. Sæle er de når folk hatar dykk, når dei støyter dykk ut og spottar dykk og skyr namnet dykkar som noko vondt - for Menneskesonens skuld!
Gled dykk då og hoppa av fryd, for stor er løna dykkar i himmelen."
Å vera sæl, eller salig, er å vera særs lykkeleg og glad og nøgd. Det underlege er at Jesus seier at dei fattige og sørgjande og svoltne og forfølgde er sæle alt før dei er blitt fridde frå trengslene sine. Dei er salige i håpet. Alt no, midt i fattigdomen og nauda, kan dei gle seg og hoppa av fryd, for dei veit at ein dag skal alt det vonde snu og verta godt.
Men tilhøyrarane vert også møtte med andre ord:
"Ve dykk rike, de har alt fått dykkar trøyst. Ve dykk som no er mette, de skal svelta. Ve dykk som no ler, de skal syrgja og gråta. Ve dykk når alle talar vel om dykk."
Det er vanskeleg å ikkje føla seg ramma av ve-ropa over rikdomen og det sjølvnøgde livet. Dei passar så altfor godt på vårt vestlege levesett i overflod og korttenkt nyting.
Jesu ord i bergpreika er vanskelege å koma til rettes med. Dei handlar om rettferd, om eit framtidig rike der all urettferd er borte, og der alle har rikeleg av det som er godt. Bibelen lovar eit slikt rike.
Men orda handlar også om han sjølv, Jesus, Menneskesonen. "For Menneskesonens skuld", heiter det midt i dagens tekst. Det gjeld å koma til rettes med forholdet til Menneskesonen, med hans vilje. Dét vil få konsekvensar for forholdet både til rikdomen og til sorga her og no; forholdet til Menneskesonen er nøkkelen til sæla.
"... han har gjort meg salig", song dei på min barndoms møte.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer "O, hur saligt att få vandra", - ei innspeling henta frå TV-serien "Sanger fra Bedehusland".