Teksten er hentet fra Kor. 9, 23-27.
Paulus skildra ein stad livet og tenesta si som ei idrettskonkurranse der det gjeld å presse kroppen sin so ein kan kome fyrst i mål og vinne sigerskransen. Eit uhyggjeleg bilete dersom ein plukkar det opp og gjer det til mønster for trua.
For som han sjølv seier: det er berre ein som vinn: den som er harast mot seg sjølv og berre har denne sigeren for auga.
Fordi Bibelen er sett saman av så mange deler, og vi som forkynner berre tar tak i eit lite avsnitt om gongen, kan det av og til høyrest ut som om kvar liten tekst ber heile sanninga i seg.
Slik er det ikkje, men mange forkynnarar har vore litt for lite flinke til å peike på dette. Derfor har nok, mellom andre denne teksten om idrettskonkurransen, nørt opp under fortivilelsen hjå mange menneske som aldri kom fyrst i mål.
Eg har vore skåna for mange nederlag i livet, men berre mitt litt ugne minne om gymtimar gjer faktisk at eg aldri har likt denne teksten.
I utgangspunktet var det seg sjølv Paulus snakka om i dette avsnittet. Det virkar som om nokon har kritisert han for måten han lever og arbeider på og eg synest han virkar - irritert.
Inne i brevet refererer han til eit anna brev som han sjølv har fått frå kyrkjelyden i Korint. Vi veit ikkje kva som stod der, men han har tydeleg behov for å forsvare sin eigen livsstil.
"....alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg kan få del i det."
«Veit de ikkje at på idrettsbanen er alle med og tevlar,
men berre ein får sigersprisen.»
Visst veit vi dét - anten vi sprang 60-meteren fort eller sakte i vår barndom, så veit vi dette. På godt og vondt erfarer vi det veldig tidleg og vi ber erfaringa med oss livet ut: der fins vinnarar og der fins taparar.
Paulus var nok ein typisk vinnar - ein krigar som kjempa med stor kraft, fyrst mot - så for, evangeliet. Eit forbilde på mange måtar.
Men så var der ein annan som formidla evangeliet. Ein som meir vandra rundt blant dei mindre spreke og til slutt lot seg føre av sine motstandarar til taparane sin stad og her er ein liten logisk brist.
Ettertida har streva mykje med å finne ut av den logiske bristen. Vi strevar enno. Vi veit kven av dei to som var den største - det er ikkje dét valget står om (for dei fleste), men sånn i livet og i trua så strevar vi veldig med å velge forbilde. Vi har det med å legge på sprang.