Teksten er henta frå 2. Kor. 10, 1-5.
Paulus står ikkje så høgt i kurs for tida. Han må ofte ta rolla som festbremsen frå Det nye testamentet. Ikkje før har han avslutta ein vedunderleg gjennomgang av evangeliet, eller ein lovsong til kjærleiken eller ein triumfsong til oppstoda frå dei døde, så løftar han ein formanande peikefinger igjen, eller kjem med dristige påstandar, eller innleier krevande ressonnement.
Han er driven av sanningsvilje og rettferdssans, han vik ikkje ein tomme frå det han meiner er rett, og firer ikkje på krava. Han er på somme punkt så lite smidig og fleksibel at det ikkje er til å halda ut i vår hektiske og mangfaldige tid. Han trassar sine meiningsmotstandarar både i samtid og ettertid, og han gjer det med stort mot og stor overtyding.
Men i dagens tekst anar vi at motet kostar. "Eg, Paulus, som går for å vera så spak når eg står andlet til andlet med dykk, men så modig når eg er borte, eg formanar dykk ved Kristi audmjuke og milde sinn. Eg bed om å få sleppa å vera modig når eg kjem!" Slik innleier han eit avsnitt i det andre brevet til kyrkjelyden i Korint dit han planlegg å koma på besøk. Han treng ein stad der han kan la motet kvila.
"Men", legg han til, "eg vil ikkje nøla med å vera myndig mot visse folk som seier vi går fram med berre menneskelege motiv. Om vi går fram på menneskevis, så kjempar vi ikkje på menneskevis. For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus".
Mottoet hans er klart: Ta tanken til fange i lydnad mot Kristus. Vi seier at tanken er fri, vi syng om det, vi trur jamvel på det i gode stunder. Vi gløymer lett at tanken vår lar seg leia og snu i mange retningar av all slags påverknad omkring oss. Den frie tanken må styrast av noko, og styrer vi han ikkje sjølv, tar andre krefter over styringa, kanskje utan at vi legg merke til det. Tanken må forankrast ein stad om han ikkje skal driva bort. Difor må vi prøva tankane våre og finna feste for dei på verdige stader, berre slik kan dei tena fridomen.
Paulus fangar tanken og bind han til Kristus. Han finn ikkje nokon betre stad for tanken enn der. I det finn han også fridom, og kraft, mot og glede.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Sigvart Dagsland syngje "Lær meg å kjenne dine veie".