Teksten er henta frå Salme 12.
- Om du ikkje sluttar med det der, så hentar eg bror min. Og han er mykje sterkare enn deg! Me sa slik, då me var små. Det ligg ei dobbel erkjenning i det. At eg sjølv ikkje har musklar som kan skremma nokon. Men òg at eg har ein som er på lag med meg, som stiller opp for meg.
Og han har krefter! Den som bøllar med meg, skal få kjenna at han bøllar med bror min. Så berre pass deg!
Gud er på lag med dei små og svake. Det er ein raud tråd gjennom Bibelen. Den Gud som Bibelen teiknar, liknar på viktige punkt lite på andre gudar. Det vanlege er at om du er kompis med guden din, ja, så stiller han opp for deg. Du gjer nokre tenester for han, oppvartar han litt, og så har du ein storebror på laget som gir deg lukke og hell, om det nå er i krigen eller kjærleiken eller på børsen.
Gud i Bibelen lar seg ikkje kjøpa. Han er på lag med dei små og svake, i alle fall. Eg får han ikkje til å gjera som eg vil. Han gjer det han vil. Det er derfor dei same setningane i Bibelen på same tid kan ha totalt ulik klang, alt ettersom kven som høyrer dei.
"Fordi dei verjelause vert trælka og dei fattige stønnar, vil eg reisa meg, seier Herren." (Ps 12,6) For verjelause og fattige lyser dette av håp, skaper nye krefter. Gir dei ein rett som ikkje er innfridd ennå, men som dei eig i trua, i håpet. Men for den som brukar musklar til å tura fram som han vil, som gir urettferdige lover eller avtalar som gjer dei sjølve rike på andre sin kostnad, er slike gudsord ein trussel.
Når Kain har slått Abel i hel, spør Gud: - Kain, kvar har du Abel, bror din? Og Kain svarar med eit spørsmål. – Skal eg vakta bror min? Ja. Det var det han skulle ha gjort. Vakta bror sin. Men når Kain ikkje er som ein bror skulle vera, så tar Gud på seg rolla som storebror. For Abel, for alle verjelause og fattige.
For den som eg gjer urett imot, for den skal Gud ein dag reisa seg.
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Solveig Leithaug syngje "Tett ved sida mi går Jesus".