• Nyheter
  • Sport
  • Kultur
  • Humor
  • Distrikt

Nyheter

  • Nyhetssenter
  • Norge
  • Urix
  • Kultur
  • Livsstil
  • Viten
  • Dokumentar
  • Ytring
  • NRK Sápmi
  • NRK Kvensk

Sport

  • Sportsnyheter
  • Resultater
  • Sendeplan
  • Videoklipp

Distrikt

  • Agder
  • Innlandet
  • Møre og Romsdal
  • Nordland
  • Oslo og Viken
  • Rogaland
  • Troms og Finnmark
  • Trøndelag
  • Vestfold og Telemark
  • Vestland

Temasider

  • NRK Humor
  • NRK Mat
  • NRK Skole
  • NRKbeta

Info

  • Hjelp
  • Informasjon
Logg inn

Andakten

Ramaskriket

Vi kjem ikkje utanom denne verkelegheita nokon av oss, truande og ikkje truande. Men eg satsar alt på at juleevangeliet er sant, at Trøysta er på veg, at sjølv den bitraste gråten på jorda kan stillast, at ein dag skal det ikkje lenger høyrest gråt eller klage, seier Geir Gundersen.

Publisert 28.12.2005, kl. 06.00
Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost
Publisert 28.12.2005, kl. 06.00

Artikkelen er flere år gammel.

Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Høyr andakten 28/12.

Tidligere andakter

Teksten er henta frå Matt. 2,13-18.

God morgon!

Frå si første stund på jorda er spebarnet sitt liv eit utsett liv, eit liv i fare.

Gå inn i denne verkelegheita på fjerdedag jul. Dei vise mennene frå Austerland, dei som kjem langt bortanfrå, dei søkjer Barnet for å ære det, bøye seg for det. Opne seg for Guds gåve i det og gi det sine gåver. Herodes den redde kongen som er nær ved, søkjer Barnet for å drepe det. Les i Matt 2 om engelen sitt varsel om fare, om korleis Josef og Maria bryt opp frå heimlandet og søkjer asyl i det framande landet Egypt.

Der, utanfor fare, inn i livet til ein liten familie som held på å etablere seg, når ryktet dei. Om forferdelige hendingar i Betlehem, byen dei reiste frå. Eg ser Maria for meg. Med Jesus i armane sine. Når ryktet når henne om massakren i Betlehem, om råskapen til Herodes, som let alle gutebarn under to år drepe. Alle smågutar under to år. Eg ser Maria for meg når skriket når henne. Evangelisten Matteus må hente fram ein gamal tekst frå profeten Jeremia for å sette ord på det forferdelige.

Det høyrest eit rop i Rama, gråt og høg klage, Rakel gret for borna sine og ansa ikkje trøystarord.

For borte er dei.

Høyr ramaskriket. Det er gått inn i språket vårt dette ordet, ramaskriket: skriket gjennom alle tider over uskuldige barns liding og død.

Sjå Maria, kjenn på hennar glede over barnet utanfor fare – og sjå og kjenn korleis ho opnar seg for ramaskriket, for si søster Rakels liding og gjer seg til eitt med den. Frå kyrkja si tidlegaste tid, vart dei uskuldige barna i Betlehem æra som dei første martyrane. Ikkje i kraft av sitt mot eller vitnesbyrd, som dei vaksne som gjekk i døden for si tru – men i kraft av si uskuld, eller kanskje reinleiken i si liding.

Dei fleste barn i Norge har det svært godt, seier Simon Flem Devold som har opna brev frå barn eit heilt liv. Men ikkje alle. Somme barn i Norge og mange barn i verda har det forferdeleg. Det mest forferdelege er å vekse opp utan kjærleik og vern.

Sjå og høyr korleis Maria sluttar seg til ramaskriket. Kjenn at Rakels utrøystelege gråt er Guds eigen gråt. Ja kjenn korleis den store julegleda er vevd saman med den høge, bitre klagen over uskuldig livs død, fødd og ufødd.

Vi kjem ikkje utanom denne verkelegheita nokon av oss, truande og ikkje truande. Men eg satsar alt på at juleevangeliet er sant, at Trøysta er på veg, at sjølv den bitraste gråten på jorda kan stillast, at ein dag skal det ikkje lenger høyrest gråt eller klage, ingen barn skal meir lide naud og gleda skal vere fullkommen.

Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer Elias Akselsen sin versjon av "Her kommer dine arme små".

Lenker

  • Tidligere andakter
  • Høyr andakten 28/12.
Publisert 28.12.2005, kl. 06.00
Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Tidligere andakter

Hvordan skal en kristen være?

Kjærlighet som smitter

Mer om: Tidligere andakter

Andakter 2020

Helga Samset

Morgenandakten torsdag 14. januar

Helga Samset

Morgenandakten onsdag 13. januar

Kaffekjel på bål

Morgenandakten tirsdag 12. januar

NRK

  • Kontakt NRK: 23 04 70 00
Norsk Presseforbund, logo.

Vi arbeider etter
Vær Varsom-plakatens regler
for god presseskikk.

Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.


Nyhetstips 03030 Nyhetsbrev

Kontakt

  • Om NRK
  • Kontakt NRK
  • Lisens
  • Publikum i NRK
  • Delta i NRK-programmer
  • Jobb i NRK
  • Presse

Hjelp

  • Brukerstøtte
  • Tilgjengelighet
  • Personvern
  • Informasjonskapsler (cookies)

Tjenester

  • Yr
  • NRK Skole

Produksjon

  • Eksterne produksjoner
  • Produksjonsfolka
  • Retningslinjer og design

Salg

  • Spons og salg
  • NRK Butikken
Til toppen
NRK Opphavsrett NRK © 2021 Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen Nettsjef: Hildegunn Soldal