Teksten er henta frå Apg. 9, 10-16.
Er det nokon eg beundrar, så er det dei som tek på seg meklarroller i konflikter mellom stridande folkeslag og mellom ulike religiøse grupper. Desse meklarane har etter kvart svært høg status i dei politiske miljøa og dét unner eg dei av heile mitt hjarte.
Det er vanskeleg nok å rydde opp i konkrete konflikter mellom einskilde personar. Å finne løysingar der hat og bitterheit har bygd seg opp gjennom generasjonar kan virke heilt umuleg – for dei involverte opplever jo at deira sak er rett og sann.
Då er den einaste fullgode løysinga er at "fienden" ser den same sanninga i augene. Det gjer "fiendar" sjeldan.
Apostelen Paulus opplevde faktisk å måtte snu på ein slik måte. Han kom til Damaskus med ei sterk overtyding om at dei kristne måtte fengslast og utryddast. I hans auge spotta dei den Gud som han meinte var den einaste.
“han er komen hit med fullmakt frå overprestane
for å fengsla alle som kallar på ditt namn."
Så vart han omvend gjennom eit syn og vart den største kristne evangelisten av alle. I dei seinare åra har han igjen vorte omstridd. Grupper også innanfor den kristne kyrkja har kjent seg krenka av meiningane hans.
Han la så mange føringar som i ettertid har gjort livet vanskeleg for dei som hadde andre ståsted og andre erfaringar enn denne sprenglærde mannen frå Tarsus.
Paradoksalt nok, for han er altså sjølv eit stort eksempel på ein som let seg overtyde.
Alle menneske lever i dilemmaet mellom eiga overtyding og respekten for andre sine meiningar og erfaringar. Der fins ikkje ein nøkkel å løyse det dilemmaet med. Her er det virkeleg snakk om livslang læring for alle og ein kvar.
For det hjelper ikkje å berre kaste all overtyding på båten heller. Ein grenselaus toleranse gjer oss ikkje utan vidare til gode og rettferdige menneske.
Dessutan er det ikkje uenigheita som er det farlege - ikkje ein gong når det gjeld Gud. Han finn sine vegar også der menneska ikkje ser det. Det er frykten og hatet som er farleg.
Det engstelege hatet mot dei som tenkjer annleis. Måtte Gud bevare oss frå det ei stund, slik at krigstrøtte menneske får kvile og oppleve den Gudsopenberringa som alltid kjem - med våren. Den kan ingen påberope seg retten til.