I dag vil eg påstå at Jesus, slik han er skildra i Evangelia, er ein aktiv og medviten språkbrukar! Frå dei fyrste gongene vi høyrer om han som vaksen, der han går mellom fiskarane i Galilea, og til han er i ferd med å ta avskjed med læresveinane sine, er det akkurat som det er i utvikling i måten han pratar med dei på. Læresveinane merkar det sjølv også. Høyr berre kva dei seier til han, etter at dei har kjent han ei stund:
Då sa læresveinane: «No talar du rett fram og ikkje i likningar. No skjønar vi at du veit alt og ikkje treng at nokon spør deg. Difor trur vi at du har gått ut frå Gud.» Jesus svara: «Trur de no? Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då de skal spreiast og gå kvar til sitt og la meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; Far er med meg. Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg.”
Læresveinane merkar ein skilnad! Det skal vi også.
Før talte Jesus i likningar. Rett nok med gode og treffande bilete som har lært oss om Guds rike, og enda gått inn som uttrykk vi brukar i språket vårt.
Men det er akkurat som han har skifta strategi:
No talar Jesus med dei han kjenner godt, med dei han elskar. Det er oss!
Han bruker eit språk som er enkelt og lett å skjøne:
Jesus, slik vi skal få kjenne han, talar rett fram og ikkje i likningar!
Og målet hans med det er: At vi skal ha fred i Gud og fred i han.
Evangeliet i dag er enkle og tydelege ord.
Eg synes det fortel om ein Gud som ikkje treng å vere opphøgd og fjern for at vi skal tru og ha age for han. Nei, eg trur faktisk det er akkurat motsett:
Fordi Jesus har kome frå Gud, og veit at hans Far er med han, treng han ikkje å gjere seg vanskeleg og utilgjengeleg.. Jesus kan bruke dei næraste ord når han pratar med sine, med dei han elskar.
Dette er språk for alle kvardagar, for denne dagen og alle dagar vi treng det!
Ragnhild Jepsen
Musikk: Jeg ser deg O Guds Lam - Audun Moen og Margit Myhr