Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 3. desember

Porselenshuset

Herborg Kråkevik
Foto: NTB scanpix Corneli Poppe

No før jul, pleier eg å ha eit lite poselenshus ståandes i vindaugskarmen, med plass til eit lite teljos inni. Av og til kjenner eg meg som dette vesle porselenshuset: Når ljoset brenn ser det varmt og mjukt ut, men når huset er ubrukt og tomt, ser det ut som eit kaldt og hult skal.

Og slik hul og kald, er det eg kjenner meg innimellom. Akkurat som nokon har blese ut flammen min, eller eg sjølv berre har brukt opp lageret mitt av ljos.

Når eg er høgt opp og siterer dikt og syng songar i aust og vest, trur eg ofte at dette lageret av ljos eller innhald, er utømeleg. Men det er ikkje det. Det går tomt, gong på gong og så kjenner eg meg hul.

Det kan vera så forskjellige årsaker til at me menneske kan kjenna oss hule, men at me lever i ei tid der det er lett å verta smitta av overfladiskheit og å mista substansen sin, trur eg mange kan kjenna seg igjen i.

,Det som kan fylla tomrommet mitt opp og få skalet mitt til å lysa igjen, slik porselenshuset lyser i adventsmørket, kan vera noko så kvardagsleg som å lesa ei overraskande god setning, eit godt sitat, høyra ein god samtale på radioen, eller noko så høgtideleg som kunst.

Det er mange måtar å fylla tomrommet vårt inni oss, og mykje av det er underhaldning, og velsigne den, men noko av det me tek innover oss vippar også over til å vera kunst, og då trur eg kanskje ljoset etter opplevinga varer lenger inni oss. Det er litt det same som at kvalitetsljos brenn litt lenger enn dei billegaste.

Etter at filmen eller boka eller musikken er slutt, kan me henta det den gav oss, fram att og varma oss på det, som glør.

Me må kanskje pusta til glørne, og når ein verkeleg er så hul og stiv og tom at me ingenting kan, så må me be andre om å pusta til glørne våre, eller dra oss sjølve til ein stad der nokon kan pusta på oss med ånd.

Til eit galleri eller teater eller konsertsal eller til biblioteket eller til kyrkje. For dei som bur i deler av landet der slikt er mogeleg for tida...

Av og til treng ein ikkje oppsøkja nokon stader heller. Viss eg feks er så heldig at eg tenner for radioen ein dag, og det mest kjende stykke frå Bach sine Goldberg-variasjonar kjem- dam dam dam eller ei kjær radiostemma snakkar om noko forsonande til meg, eller eg set meg ned for å arbeida med macen min og så dukkar Harald Solberg sitt måleri- Vinternatt ved Rondane- opp, eller eg tek meg tid til å lesa det som står på den fine Hans Børli koppen min: «Livet er ikke bare titusen strevsomme steg mot små mål, nei det er rikt nok til å bare være sus i myrull»

Då lyser det i porselenhuset mitt igjen!

Herborg Kråkevik

artist og redaktør for juleheftet Juleroser

Musikk: Pust – "I et lite hus"

Skog