No lengtar eg av og til attende til den tida då folk syntes eg var ung. Og kanskje til den kjensla i meg sjølv også at eg hadde flust med krefter og mot til å gå på dei oppgåvene som kom. For eg hugsar pågangsmotet og den uforferda måten eg gjekk til arbeidet med. Men eg veit også at erfaringa gjennom åra har gjort meg tryggare. Og kanskje litt klokare?
I Bibelen kan vi lese at alder ikkje er nokon hindring! Korkje i den eine eller den andre retninga. Sarah vart mor til Isak då ho var 90 år. Og Samuel gjorde teneste for Herren i templet alt frå han var barn, fortel Det gamle testamentet.
Den unge mannen Jeremia vart kalla av Gud til å vere profet. Men han protesterte. Dette var då ei altfor stor oppgåve for han å gå inn i. Men då fekk han svar:
Herrens ord kom til meg:
«Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, før du vart fødd, helga eg deg,
til profet for folkeslaga sette eg deg.»
Men eg sa: «Å, min Herre og Gud! Sjå, eg kan ikkje tala, eg er for ung!»
Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje seia: Eg er ung! Overalt der eg sender deg, skal du gå, og alt eg byd deg, skal du seia.”
Du skal ikkje seia at du er for ung. Og du skal ikkje seie at du er for gamal, heller!
For meg handlar dette om menneskesyn og om menneskeverd. Og om at vi menneske er skapte til likeverd.
Men det som er det aller finaste, er at vi blir møtte med forventning!
Om eg er ni eller nitti, - min Skapar har ein tanke med meg, ein tanke som er tenkt og meisla ut frå den dagen eg vart skapt.
Det er ein tanke eg vil be deg ta med inn i dagen.
For det finaste som er, det er å bli møtt med forventning. Og det er du!
Ragnhild Jepsen
Musikk Gör det lilla du kan Carola