Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 23. mai

Krafta i å gjera det som må gjerast

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø

Johannes 21,1-14

Eg jobbar med ord. Tanken og tastaturet er verktøya mine, og eg er kvinne nok til glatt å erkjenna at eg er komplett talentlaus med hammar og spiker.

Eg blir aldri ferdig med forundringa over og beundringa av dei hendige blant oss. Dei som kan tenkja ut løysinga, finna rett verktøy, forstå korleis det skal gjerast og få det gjort. Dei som kan skru ein motor frå kvarandre, dei som kan setja opp eit hus, laga ei brygge, sprengja ut ein veg, dei som kan riva eit rom og få det til å bli annleis og nytt.

Dei siste månadene har eg hatt premieutsikt til sånt arbeid. Avisa vår har nettopp flytta inn i ombygde lokaler, berre på nokre veker har Torjus, Magnar, Toralf og Jon Einar og resten av den dyktige handtverkargjengen gjort alt nytt. Jovisst blir det sjau og hamring og støv, men mest av alt godlyden av samarbeid, løysingar, latter og replikkar. Mens arbeidet går sin fine gang.

Det som blir til mens evig lange komitèmøte surrar og går og ein eller annan gong blir til eit referat som blir arkivert i ei mappe. Varmen i ein klem i stadenfor filosofiske utlegningar om kjærleik. Mat å eta, i stadenfor ei kokebok å bla i.

Det er slik han gjer det, Jesus, når han skal møta menneska sine igjen etter alt det ekstreme ufatteleg har skjedd i påska i Jerusalem. Å tru det med tanken er vel umuleg. Det var det også for fiskarane som hadde følgt han. I dagane etter at det voldsomme var skjedd, var nok disiplane veldig forvirra. Etterkvart prøvde dei å få i gang kvardagen igjen.

Så dukkar han opp. Først gongen i eit rom der dei er bak stengte dører og veldig redde. Der retter han fram hendene sine, viser dem såra sine, så dei skal kjenna på at det virkeleg, og han pustar på dei for å velsigna dei. Den tredje gongen dei møter han, står han på breidda når dei kjem inn etter ei lang natt utan fangst på den elles fiskerike Genesaretsjøen. Der på stranda står han i morgongryet og ventar med fisk og brød på bålglørne.

Eg ser for meg slitne og forbløffa menn, litt grimete og forvakte i morgonlyset på stranda. Blaute og svoltne. Og han som står der og smiler. Trur eg.

Kom og få mat!

Tømmermannen Jesus stiller ikkje med luftige ord eller mystisk utstråling. Han står på stranda og har maten klar, han veit kva som trengst og korleis det må gjerast. Anten han møter fiskarane ved Genesaretsjøen den gongen, eller ei kontorrotte i 2019.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Jan Werner og The Gospel Art Group – "All because of Jesus"

Skog