Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 12. desember

Styrke i kvardagen

Kristin Lødøen Hope

Femte Mosebok 33, 25 Jesaja 41,10

Om morgonen går eg som regel med hastige skritt på veg til jobben. No vinterstid er det er ofte surt og mørkt, men eg ser lysa frå det store sjukehuset der eg arbeider som prest, kome nærmare og nærmare. Eg blir fylt av varme innvendig. Her jobbar over 12.000 personar for at vi skal kunne få hjelp når vi treng det.

Her er helsepersonell og andre tilsette som strekker seg lenger enn langt, for både pasientar og pårørande. Så er det slik at ikkje alt går bra, alltid. Dette huset rommar òg mykje sorg og fortviling.

Når eg, i gangane eller i heisen, ser pårørande som skal besøke sine, tenker eg ofte på kva som skjuler seg bak dei mange ansikta. Kva sorg eller bekymring er det dei ber på? Det er kan hende lett å tenke slik når ein er på eit sjukehusområdet. Men denne dama, eller mannen, som har fått den verste beskjeden som tenkast kan, tok kanskje også fly eller tog til Bergen, sat på bybanen eller bussen til sjukehuset, og overnatta kanskje på eit hotell i byen. Overvelda av sorg.

Vi omgir oss over alt med menneske som ber på usynleg smerte; sorg over å ha mista ein nær og kjær person, sorg over tapet av framtid eller helse, sorg over eit tomt liv. Ekstra sårt blir det ofte no i førjulstida, når folk elles er fulle av forventingar og glede, i alle fall tilsynelatande, og eigne tankar om det som kunne ha vore, blir påtrengande og kanskje lammande.

På facebooksida mi dukkar det i blant opp variantar av ei passande påminning; «Be kind. For everyone you meet is fighting a battle you know nothing about». Vær alltid snill. For alle du møter, kjempar ein kamp du ikkje veit noko om.

Når vi blir sett og møtt, er sorga lettare å bere. Og, når vi kjempar dei største kampane, når vi kjenner oss heilt åleine og det verkeleg røyner på, kan det vere trøyst i at Gud ser. Gud er med i det vonde. Gud omfamnar oss med sine evige armar og held oss oppe. Som Tove Houck seier i diktet sitt "Det holder":

Om du tror

at du ikke orker mere

så klarer du det allikevel

EN time til

og enda EN...

Kristin Lødøen Hope

sjukehusprest ved Haukeland universitetssjukehus

Musikk: Moddi – «Nordnorsk julesalme»

Skog