Ordet ”apostel” kjem frå det greske språket. Og det betyr ein som er utsendt på vegne av nokon, med ei fullmakt og med autoritet. Dei vi helst tenker på når vi høyrer ordet, er dei tolv mennene som Jesus samla rundt seg den tida han gjekk på jorda, og som Bibelen fortel om. Nokre hugsar vi kanskje namna på også: Peter, Andreas, Filip, Natanael, Johannes……
Felles for dei, er at dei alle gjekk ut i verda for å fortelje. Dei var verkeleg apostlar, i den rette meininga av ordet. For dei gjekk med eit oppdrag. Dei fortalde om Jesus. Dei forkynte Evangeliet.
Dei har ein annan ting til felles også. Så langt vi veit, vart dei alle drepne på grunn av trua si og bodskapen dei forkynte. Alle, så nær som Johannes. Han vart ein gammal mann, og endte sine dagar på den greske øya Patmos.
Kva var det så som dreiv dei? Kvifor var dei villige til å forlate hus, heim og familie, og risikere livet med denne farefulle ferda?
Dei gjekk med eit oppdrag. Dei hadde noko å formidle. Dei var sendt.
Ein av dei som verkeleg brukte ordet apostel om seg sjølv, var Paulus. Han har jo fått ”apostel” som eit av namna sine, han: ”Apostelen Paulus”. Og han visste verkeleg kva det var som dreiv han. Han skriv om det sjølv i brevet sitt til kyrkjelyden i Roma, byen der det er fortalt at han seinare vart drepen:
Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, …… det er evangeliet om hans Son, Jesus Kristus. Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn. Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.
Viss Paulus hadde hatt mulighet til å skrive til oss, hadde han gjort det! For dette var så viktig for han. Dette var det som dreiv han. Dette var oppdraget hans:
Å fortelje menneske om Jesus, at vi er kalla til å høyre han til.
Mine svenske kolleger som tek syklane fatt, - Apostlarnas hästar, - dei er ikkje vanlege sykkelbod som kjem for å levere pakker på vegne av andre.
Dei er verkeleg bodberarar, der dei kjem på sine skranglete syklar – for å fortelje oss at vi får tru og kjenne oss elska! Det må då vere den finaste bodtenesten som finst!
Ragnhild Jepsen
Musikk Gå, gå høsten er stor Skruk