Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 22. oktober

Det takksame tilbakeblikket

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Paulus brev til filipperne 4, 4

God morgon!

Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko!

Dette er Paulus sine ord – til trøyst for menneske til alle tider. Til menneske som kjenner trykket av krevande hendingar, seier Paulus: Ver glade! Til menneske som leitar etter ein måte å kome til rettes med ei vanskeleg verd, seier Paulus: Ver godhjarta – og vis det! Til menneske som er bekymra og har gode grunnar for det, seier Paulus: Ver ikkje urolege for noko!

Kva er dette for eit program? Eg tenkjer: det er ikkje eit hylster av optimisme som skal pressast ned over røyndommen og det er slett ikkje opium for engstelege folk – det er ein måte å vere i verda på slik den er, ein måte å sjå på det verkelege, ein posisjon midt inne i straumen av opplevingar og utfordringar.

Eg har ei stor glede for tida, å få sitte saman med menneske som ønskjer å fordjupe livet sitt og trua si, i samtalar over tid. Mange er motivert av eit ønskje om om kome nærare Gud i kvardagen sin. Då viser det seg: ingen kan kome nærare Gud utan kome nærare, få betre kontakt med, det som hender i livet, det stoffet som livet er laga av.

Vi har stor nytte av ein metode vi har lært av den heilage Ignatius av Loyola frå 1500-talet: Sit i stillheit og bøn og sjå tilbake på livet ditt, ikkje med ei kritisk og dømmande haldning, men med fantasi, kjærleik og takksemd. Kan du oppdage kor nær Gud var deg i det som hende? Står noko fram som særleg viktig for livsvegen? Er det opplevingar som i det takksame tilbakeblikket blir til nøkkelerfaringar?

Det har ei forbløffande verknad dette: å undersøke fortida med ei kjærleg og nysgjerrig oppdagarhaldning. Då byrjar fortida med sine fakta å leve, den blir flytande og open. Eg får sjå korleis Gud var tilstades i sorg og glede, korleis han bar meg gjennom det som knapt kunne berast, korleis han metta meg og styrka meg gjennom det gode og vakre og sanne, korleis han er gjevar av alle erfaringar og skapte meg gjennom alt som heiter mitt liv.

Det kan forandre livet å sjå tilbake på det med eit takknemmeleg blikk. Ja, ein kan bli eit meir godhjarta menneske av det, meir intenst levande i det som er. ”Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko!”

Geir Gundersen

prest og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: James Taylor - "Glory Train"

Skog