Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 20. august

Miskunn i uver

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Lukas 10, 25-37

God morgon

Det var ein av dei desemberdagane. Regnet hadde hølja ned heile dagen, eg hadde sitte på budsjettkonferanse ein lang dag, eg skulle ikkje heim, men vidare om kvelden.

Møtet var slutt, den smale vegen og slapset venta. Følelsen av iskalde tær, et snev av heimløyse fordi eg er ute og rattar, heilt åleine, mens alle andre er heime med middag på varme kjøkken og eg super Red Bull fra ein boks for å berga blodsukkeret. Då, rett før eg er nede i bygda og regnet igjen begynner å stupa ned, kjem eg på det. At paraplyen eg faktisk klarte å ta med meg om morgonen, ligg igjen i konferanserommet på heia.

Det regnar kattar og hundar, eg veit eg skal gå litt frå bilen og til konsertlokalet. Tenkjer hardt og blir glad då eg det slår ned i meg: Sjølvsagt! Bensinstasjonen. Blant eingongsgrillar og VHS-filmar på sal, finst det sjølvsagt ein paraply. At den sikkert kostar 275 kroner får så vera, eg skal nok punga ut!

Det lubne varme skiltet dukkar opp, eg svingar inn. Eg er einaste kunde der inne. Mannen bak disken, har eg aldri sett før, i seg sjølv ei liten begivenhet. Han er ikkje herfrå. Definitivt ikkje frå Norge heller.

Eg helsar kort og set i gang med å saumfara hyllene. Smågodt, bilvask, kjeks og deodorant. Kveitemjøl og tampongar og slepetau. Men ingen paraply. Eg må jo sikkert sjå ut som om eg kjem frå eitt eller anna tilsyn. Men han bak disken driv med sitt.

Til slutt er eg jo ved vegs ende. Her er ingen paraply. Og ute er det tilstandar som kunne få kven som helst til å setja i gang med å byggja ein ark.

Eg går til disken og tilfredsstiller først forviteskapen. Han er nykommar i Suldal. Og med heimlandet i Afrika, er det nok så som så med mengdetrening i slaps og mørke.

Så til business: "Har du paraply?" Han ser på meg, deretter ut på regnet. "Ja, til salgs, altså", presiserer eg.

Ansiktet hans klarnar opp: "Ja, eg har paraply. Min. Ta den, du, kanskje skal du forbi her ein annan dag", seier mannen og hentar fram ein stor solid paraply han rekkjer meg med eit smil.

Eg er tatt på godhets-senga. Prøver med eit kva med deg då? "Det går fint", smiler mannen, "eg har regnjakke. Ta den du."

Det er ikkje så enkelt å finna ord til takk. Eg går ut. I hånda har eg paraplyen. Men der i desemberregnet har eg også sol i ansiktet, ein bit av den bamhjertige samaritanen i sjela. Et glimt av Gud og det som ikkje lar seg forklara, det som ein berre kan kjenna.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikkønske: Bjørn Eidsvåg - "Som et barn"

Andakten ble første gang sendt 20. februar 2018

Skog