Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 11. august

Kondolerer

Kristian Fjellanger
Foto: Pernille Ødegård

Me står rundt pappa si grav. Kista er senka. Det er ein merkeleg lyd i lufta. Det er stille utan å vere stille. Kyrkjeklokkene har ringt. Me har sunge «Fager kveldssol smiler». Det er ei endeleg stillheit, som kjennest elektrisk og overdøyvande. Ei stillheit som berre finst ved slutten på livet.

Eg har sagt takk. Kanskje sagt det hundre gongar. For det er det ein skal seie når ein annan seier det rare ordet kondolerer. Ansikt etter ansikt sviv forbi meg. Ut av munnane kjem ordet. «Kondolerer». Nokre med eit fast handtrykk, nokre med ein klem. Alle meiner vel, men ordet verkar liksom ikkje. For det betyr ikkje så mykje.

Kondolerer.

Ordet er ei slags enkel løysing. Då kan ein seie noko. Som er rett. Men samstundes litt avmålt og diskré. Me er jo trass alt nordmenn, og viser primært kjensler for hunden, når handballjentene vinn VM eller ein har ein høg nok promille. Og det er jo ikkje fordi me ikkje har kjensler, men det å vise dei eller å snakke om dei synest mange av oss er vanskeleg.

Eg trur grunnen til at mange nyttar dette ordet, er at ein ikkje heilt veit kva ein skal seie. At ein er redd for å seie noko feil. Men ein treng ikkje vere redd. Den som er i sorg, veit sjeldan kva ein skal svare heller.

Den neste i køen er venninna til søstera mi. Ho tek meg i handa, og klemmer meg, medan ho seier lågt inn i øyra mitt:

– Eg tenkje på deko.

Dei fire orda, saman med den varme klemmen, er eit av dei klåraste minna frå denne dagen. Tonefallet, kven som stod rundt, augo hennar. Ho tenkte på meg. Eg var i hennar tankar. Det prega hennar kvardag.

Alle dei som nytta ordet «kondolerer» har nok akkurat den same medkjensla. Men det er noko med å bruke sine eigne ord. Seie noko rett frå hjarta. Om du får det til. At du er glad i den som står der, at du skal ringe ein av dei nærmaste dagane, at tankane dine er hjå den som er i sorg. Det handlar meir om å kjenne varmen frå ei anna menneske.

For det at nokon sa at dei tenkte på meg, kjende eg trøysta. Og det vart litt, berre litt lettare å stå der attmed grava til pappa.

Kristian Fjellanger

forfatter

Musikk: Sissel Kyrkjebø - "Det skal lyse en sol"

Skog