I arbeidet mitt som prest treff eg mange menneske i høg alder. Og eg sluttar aldri å undre meg over kor mykje livskraft og humør mange av dei er berarar av. Også i ein skrøpeleg kropp kan det vere mykje styrke!
Likevel lever vi i eit samfunn og i ei tid der dei fleste av oss har som mål å leve lenge, - men ingen av oss vil bli gamle. Vi vil oppleve, reise og la oss underhalde. Men når det kjem til fordeling av arbeidsoppgåver og verv i samfunnet, har vi likevel mest tru på dei som framleis har ungdomen og djervskapen i behald.
Det er ein ting eg ynskjer meg: At klokskap kunne bli ein etterspurt eigenskap i tida. At når vi søkjer etter arbeidskraft eller leitar etter dei som kan gå inn i viktige oppgåver, må vi sjå etter heile menneskelivets breidde. For fyrst då er Guds skapartanke verkeleggjort.
Bibelens språk har ord for heile menneskelivet.
I Salmane i Det gamle testamentet er det også ord om både livskraft og tap av krefter i alderdomen:
Min munn er full av lovsong, eg syng om din herlegdom dagen lang.
Kast meg ikkje bort i alderdoms år, forlat meg ikkje når kreftene tek slutt!
Det er kloke ord frå Bibelen også denne dagen: Om å verdsetje dei som gav oss livet. Om å ha respekt for dei som har gått framom. I det ligg også ein vørdnad for skaparverket; for vår Skapar som har ordna det slik at slektsledd fylgjer etter slektsledd. Vi høyrer saman med dei som gav oss livet. Etter oss kjem dei som er forbunde med oss som lever no. Og vi har ei forplikting til å arbeide for at heile menneskelivet skal kjenne seg verdifull – slik Gud har skapt oss verdifulle. Lovsongen til Gud kan synge også i ein gamal kropp.
Til lukke med dagen – anten vi har levd kort eller lenge.
Takk for dei som har gått på vegen framom oss!
La ikkje lovsongen stilne.
Ragnhild Jepsen
Musikk Hver dag er en Herrens gåve Sondre Bratland