Bibelforteljinga i dag er om Jesus som er saman med disiplane sine, og om eit slikt sårt spørsmål stilt til dei han er glad i:
No har han avslørt alt for dei – om kven han er, om kva han vil gje, om kva han forventar. Og folk som har høyrt på han har verkeleg fått litt å tenke på. Dei har møtt ein mann som er så totalt annleis frå alle dei har møtt før. Jesus har ein varme med seg, ei omsorg ved seg som er så sterk og tydeleg at det nesten blir for mykje. Skal han då ikkje krevje noko igjen? Skal han då ikkje seie at dei må forandre seg, tru meir, prestere betre for å kunne vere med han? Nei, han gjer ikkje det. Han seier at dei er elska. Han seier at Guds kjærleik er aust ut i rikt monn over dei.
Det blir nesten for mykje. Folka som har høyrt, trekker seg attende. Det er som om dei treng tid for å ta i mot alt dette nye. Så dei går. Og eg ser Jesus for meg, der han sit heilt utsliten og utmatta attende. Han har gjeve dei alt. Og no går dei frå han. Så spør han venene sine, disiplane, som har vore der saman med han:
«Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»
Eg har tenkt på korleis det måtte vere å få dette spørsmålet. Så sårt det er. Og så risikabelt å stille det. Det viser oss ein nær og sårbar Gud. Ein Gud som tek sjansen på å bli avvist. Tenk om Peter og dei andre disiplane hadde sagt at dei også ville gå.
Men for dei som stod nærast Jesus var det aldri noko alternativ å gå frå han. Dei hadde sett kven han var. Dei hadde fått tid til å skjøne det som var for sterkt å ta i mot frå alle som venta seg noko anna.
Peters vedkjenning, ”Du har det evige livs ord”, skulle etter kvart bli vår Kyrkje si vedkjenning. No greier vi å tru det. For no har vi sett.
Andakten i dag handlar om å stille seg sårbar. Så sårbar som berre den kan bli som elskar. Disiplane var frie til å gå. Men dei gløymde aldri kven dei høyrde til – kven dei ville gå resten av vegen saman med.
Ragnhild Jepsen
Musikk Å, Herre, til kven skulle vi dog gå hen Anita Skorgan