Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 22. mai

Når trua di sett deg fri

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø

Mark 5, 25-34

Hvis du ikkje kan fortelja kva du ønskjer deg, så kan du ikkje få det. Det høyrde eg av eit menneske som tenkjer mykje. Kan du ikkje fortelja kva du ønskjer deg, så kan du ikkje få det.

Den setningen ber i seg ei bittersøt sannning om korleis det er mellom oss menneske. Den fortel om ei grense, men også om ei dør som kan opnast. Dei fleste av oss har ikkje store problem med å be nokon senda oss saltet. Dei færraste vil neppe kjenna det sårt at ikkje dei rundt oss forstår av seg sjølv at eg treng saltbøssa.

Men kor mange gonger har eg vore sår over at ein nær ikkje ser at eg er sliten og at treng trøyst? Og kor vanskeleg er det ikkje å be om det? Å trenga noko inderleg, er å gi seg sjølv i den andres hender, det er å risikera. Alle menneskehjarte lir av høgdeskrekk.

Me vil helst at andre skal be oss. Å sjølv rekkja fram ei tom hand, er vanskeleg for alle andre enn barn.

Men mellom menneske er det slik. Me må fortelja kva me treng. Det er ingen søndagsskule; det finst ingen garanti. Me kan bli ståande med avslag i neven og kinna brennande i skam og sorg. Også i møte med dei som er vår næraste. Men likevel er det første steget å fortelja kva me ønskjer oss, kva me treng.

Skam og sorg har ho hatt nok av, kvinna som Lukas fortel om. Ho dukkar lydlaust opp i ein dag med fullt øs for Jesus. Snikkarsonen har nettopp forbløffa folk med å gi ein mann som slit med vonde ånder fred. Nå er han tilbake hos ei stor folkemengd som ventar på han. Her ligg synagoge-sjefen på kne, alldeles ut av seg. Jenta hans ligg heime og er i ferd med å døy. Folk pressar på frå alle kantar. Det er varme og støv, høg lyd, albogar og press.

Vår kvinne ropar ikkje. I tolv år har ho slite med blødningar. Tabu då, tabu nå. Alle pengane sine har ho brukt for å få hjelp, ingen kan hjelpa. Ho nærmar seg Jesus bakfrå. Berører kappa hans berre. Og det er då ho kjenner det. At blødningane stoppar.

Men han som er på veg, til å ta innersvingen på døden, kjenner det også. Han vil vita kven som har rørt ved han. Peter meiner det må vera trykket frå folkemengda. Nei, seier Jesus, det gjekk ei kraft ut frå meg.

Då ho forstod at det ikkje kunne skjulast, kom ho skjelvande fram, står det. Nå fortel ho det ho ikkje kunne i stad og han som ber krafta, fortel henne der, foran alle, at trua hennar har sett henne fri.

Tru er ingen tanke, tru er bevegelse. Fram til han som ber i seg den krafta som ikkje kan stå i mot selv det aller minste håpet.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Carola og Per-Erik Hallin – "Down by the riverside"

Skog