Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 20. november

Det vi ikkje kan gripa med fornufta

Esther Moe
Foto: Nora Bogetvedt Jenssen

Johannes 1, 1-14

Nå seint i november, er det som om mørkret har overtatt nesten alt. Men djupt inne i det den mektige skumringa, dukkar det opp små flater av skimrande lys. Eit vatn, ei gullsky over soloppgangen, eit tre som står og flammar oransje langs vegen.

Det endrar ikkje at verda er stupmørk, men lyset endrar meg. Fordi det er ein bitteliten flik av sommarkrafta, av dei lange lyse kveldane, barfot-turane og solvarme svaberg.

I den gåtefulle opninga i Johannes evangelium, kan vi lese en beskrivelse – av Jesus: I han var liv, og livet var ljos for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

Det er julevangeliet på den filosofiske måten. Utan krybbe og englekor, men som eit mysterium for tanken.

Eg skal gjerne tilstå at eg måtte bli godt vaksen før eg fullt ut forstod at Gud ikkje er nokon gammal mann i ein gyngestol som ikkje følgjer heilt med. Ubevisst tenkte eg nok då eg var yngre, at Gud neppe var knivskarp, intellektuelt sett. Det høyrest sjølvsagt heilt latterleg ut nå, når eg seier det høgt som vaksen.

Kanskje blei det for mange rundar med flanellografen, der historiane har ein tendens til å bli ganske eindimensjonale og flate, bokstaveleg talt. Å tru betyr ikkje at eg må forlata tanken, grublinga, filosoferinga. Mysteriet kan ingen fanga i eit xcel-skjema. Det lar seg ikkje løysa.

Ideen om at gudskrafta, det som har tenkt ut leopardmønstera og mjølkevegen og hjernen vår, blir fødd som eit menneske og kjem til jorda i blod og fostervatn etter ni månader i ei livmor, er ein heilt vill tanke. Eg kan ikkje gripa det med fornufta.

Men - bildet av det vesle barnet, tanken på at Gud har late seg bli eit nyfødd menneske for å gå brua over til oss og alt vårt strev, er eit skimrande syn for auge. Ei trøyst, eit håp, ei kraft tanken kan kjempa med utan å bli trøytt eller kynisk.

Det er også det eg kallar tru.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Sigvart Dagsland og Stavanger Gospelkor - "Himmel"

Skog