Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 2. desember

Blomstring i mørketida

Herborg Kråkevik
Foto: NTB scanpix Corneli Poppe

Kjenner de legendene om Julerosa?

Ei av dei fortel om ein munk som fann desse knoppane ute i skogen og sette dei i vatn på altarbordet natt til 1.juledag. Han hadde aldri sett noko bløma opp av frosen jord. Han vart heilt overgiven då julemorgonen kom og juleroseknoppane hadde åpna seg og stod og lyste, der i det sikkert sparsommeleg pynta kloster-kapellet.

For han og seinare slekter vart julerosa eit symbol på livet som vinn over døden. Blomen kjempar seg opp gjennom tele, is og snø og viser sine soleie-liknande roser midt i alt det golde og grå. Til og med garva gartneriarbeidarar seier at julerosa er eit biologisk under.

«Midt i den kalde vinter, ved myrke midnattstid» syng me no i desember. «Det hev ei rose sprunge, ut av ei rot so grann»

Denne kjære julesongen vår er inspirert av akkurat, Julerosa, som er eit symbol på det uovervinnelege, det som kulde og is og hat og vondskap ikkje kan stansa: Kjærleiken, eller viljen til det gode, eller skaparkrafta i oss menneske. Det er ikkje alltid like lett å få auge på desse kreftene i kvardagen, men blomane kan hjelpa oss å sjå dei.

(Bestemor mi hadde ei heilt eigen evne til å få amaryllisane sine til å springa ut akkurat i tide til jul. De veit -desse store klokkeliknande blomane med lang og tjukk stilk. Ho sette dei i den myrke kjellaren eingong om hausten og så klarte ho på mirakuløst vis, år etter år, å henta dei opp akkurat i tide, til å åpna seg på vetlajulafta, julafta eller fyrste juledag kvart år. For meg var dette eit under, eg spent venta på i adventstida.)

Dette at naturen og menneske anstrenger seg for å skapa noko vakkert akkurat når det er på det myrkaste omkring oss, er så fint å tenkja på syns eg.

«Guds rose ljuvleg angar og skin i jordlivsnatt»

Når eg er trist, når eg har lyst til å berre leggja meg ned, gje opp, forsvinna - så finn eg nokon gonger inn til noko eigentleg i meg sjølv. Og på det viset blir det ei meining med det triste.

Då kan eg finna på å planta ein blom for å protestera mot det som bryte oss ned, alt det mørke når hennar ljos oss fangar ho vert vår beste skatt Og så prøver eg å få auga på alt det som er vorte skapt under harde tider, i jordlivsnatt.

Mange av dei menneska som verkeleg festar seg i meg, og blir verande i sinnet mitt lenge etter at me treftes, er ofte menneske som har vore igjennom ein eller annan form for krise. Det er noko der, på djupet av oss sjølve finn me kanskje det finaste. På den kaldaste tida kan naturen skapa ei rose. Det er så fullt av håp at eg får lyst til å sei: Halleluja!

Men eg får seia velsigninga istaden:

Velsigninga og Fadervår.

Herborg Kråkevik

artist og redaktør for juleheftet Juleroser

Musikk: Grex Vocalis - "Det hev ei rosa sprunge"

Skog