Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 15. mai

Innanifrå, nedanifrå

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Paulus’ brev til efeserne 4, 1-6

God morgon!

Eg bor i Oslo og eg er svært glad i byen min. Eg likar også godt at byen har ein vernehelgen frå katolsk tid: St.Hallvard – som prydar byvåpenet – måtte ingen byrje å tukle med det! For St.Hallvard er meir enn ein vernehelgen for Oslo, han er ein helgen for dei forfølgde, og idag er Hallvardsmessedagen.

Her er kjerna i Hallvardslegenden. Ein maidag i 1043 skal den unge mannen krysse Drammensfjorden i ein liten båt. Ei redd og skjelvande kvinne kjem springande og ber om skyss. Ute i i fjorden blir dei innhenta av ein båt med tre menn som skuldar kvinna for tjuveri. Hallvard trur på kvinna si uskuld, men ropar til mennene: "Om ho er skuldig, vil eg betale bøtene hennar, ho er med barn, de får ikkje drepe barnet i magen hennar".

Mennene blir frå seg av raseri. Først drep dei Hallvard, så kvinna. Henne gravlegg dei på stranda, Hallvard kastar dei på sjøen med ein stein rundt halsen. Men, heiter det: Gjennom Guds nåde og martyrens fortjeneste ble hans legeme gjenfunnet lenge deretter, flytende med stenen på bølgene.

I dagens tekstord, på Hallvardsmessedagen, frå Efesarbrevet kap. 4 skriv Paulus inntrengande om korleis dei som trur, skal leve. Så legg eg dykk på hjartet, at de må leve eit liv som er verdig det kallet de har fått, mildt, audmjukt, og tolmodig, så de ber over med kvarandre i kjærleik.

På denne dagen tenkjer eg på eit menneske som levde desse orda og følgde St.Hallvards eksempel: pater Ronald Hølscher, fransiskanar og prest i St.Hallvards kyrkje på Enerhaugen i Oslo på 90-talet. I 1999 fekk han Brubyggarprisen for sin innsats for innvandrarbarna på Enerhaugen.

Han laga filmklubb for dei, men viktigare: han elska å vere saman med barna og opna kyrkja, ja sine eigne private rom i kosteret for dei. Pater Ronald gjorde eit sterkt inntrykk på folk med veremåten sin – også meg. Fredeleg, humoristisk, open, tolerant. Og den ånda fyltet klosteret og St. Hallvard kyrkje.

Dette tenkjer eg på St.Hallvardsdagen: Kan det vere at vi står på grensa til ei ny tid for den kristne kyrkja? Der hennar stilling i folket ikkje blir bestemt av privilegium, men av dei kristne sin levemåte, ei åndeleg rørsle nedanifrå, av menneske som lar seg prege og styre av "fredens evangelium"? Som St. Hallvard og pater Ronald?

Geir Gundersen

teolog og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Grex Vocalis og Anne Lise Gjøstøl - "Å, denne kilde"

Skog