Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 12. august

Smilet

Kristian Fjellanger
Foto: Pernille Ødegård

På vinteren kan det å bu på Vestlandet virke som en straff. Skodde som sig nedover regnvåte fjellsider, vind som piskar og uler og våte sko – dag ut og dag inn. Det einaste du har å sjå fram til er at det kanskje skal vere opplett mellom to byger onsdag i neste veke.

Ein slik vinter så skulle eg på eit møte i Oslo, og fly over fjellet. Til Oslo. Morgontrøtt og sur inn på flyet, og ei veldig risting og dumping der flyet steig gjennom dei regntunge skyene. Men då, gjennom det vesle flyvindauga, kom ein solstråle og treff meg i ansiktet. Og brått var det som det vintersure ansiktet løyste seg opp, den skodda ein har framfor auga forsvann og alt blei betre.

Menneske sin parallell til sola, er smilet. På same måten som når sola treff deg med varme strålar i ansiktet, og ein kjenner varmen – kjenner ein og varmen frå eit smil.

Smilet er eit utrykk for at ein vert sett og ein liten gest som kanskje kan gjere ein dag heilt annleis. Og når først sola hadde løfta meg opp frå den vestnorske tungsinnet, så var det som hovudstaden la seg i selen for å gjere livet mitt betre. Ho som jobba på flytoget, smilte og ynskja velkommen til flytoget, han som selde meg kaffi på jernbanestasjonen gav ein kaffi med noko attåt – eit stort smil og eit ynskje om ein fin dag.

Når nokon smiler til meg, så får eg eit slags akutt behov for å smile vidare til nokon andre. Som eit slags kjedebrev av reseptfrie lukkepiller og omtanke. Nestekjærleik og omtanke for kvarandre, kan vere det som er avgjerande for at den som går i motebakke, tenkjer at han ikkje går heilt aleine.

Du skal elska nesten din som deg sjølv, kan ein lese i Bibelen. Om Bibelen er ei bok du les ofte, sjeldan eller aldri – så er det uansett ord å ta med seg, både i tanke og handling.

For det å elske nesten din handlar for meg om å sjå kvarandre. Om å lytte. Om å gje litt varme på ein heilt vanlig dag. Og tenk på kor enkelt det er å smile til nokon heilt tilfeldige. Som du går forbi, eller treff i heisen, står i kø på posten saman med. Eg kan iallfall garantere at dersom det er meg du smiler til, så smiler eg attende. Og kjem nok til å smile til nokon andre etterpå.

Kristian Fjellanger

forfatter

Musikk: Mikael Wiehe - «Ring i alla klockor"

Skog