Eg har tenkt på at dei fyrste kristne nok bygde det dei etter kvart kom til å tru på, på rykte. Enda så ufromt det kan høyrast ut…..
For forteljingane om Jesus gjekk som varme trådar mellom byane. Har du høyrt kva dei seier om denne mannen? Veit du at han gjorde dotter til den romerske soldaten frisk att? Og det siste, mest utrulege: Dei seier at han er stått opp frå dei døde?
Var det berre eit rykte?
Så lenge orda svirrar i lufta kunne ein jo tru det.
Men Evangeliet om Jesus er ikkje ord som svirrar i lufta. Dei er følgde av handling, av nærvær og konkret kjærleik. Rykta gjekk framom, ja. Men dei som tok i mot trua på han, dei fekk kjenne på sin eigen kropp at denne mannen gjer ein skilnad. Evangeliet om Jesus let orda følgjast av handling.
Historia frå Bibelen på denne måndagen har nok også sin bakgrunn i at nokon har høyrt og fortalt om det utrulege. Den handlar om ein mann som er lam, som alltid sit ved porten ved tempelet i Jerusalem i håp om at nokon skal legge att litt pengar i skåla hans. Men ein dag får han noko mykje meir enn det. To av apostlane, Peter og Johannes gjer han frisk, i Jesu Kristi namn.
- Mannens største ynskje blir oppfylt. Han kan gå!
Er det rart at folkemengda undrar seg?
Så Peter må svare dei og forklare:
”Israelittar! Kvifor undrast de over dette? Kvifor stirer de på oss som om det var vår eiga kraft eller gudsfrykt som gjorde at denne mannen kan gå? Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har herleggjort tenaren sin, Jesus. Ved trua på Jesu namn har dette hendt, for det namnet har styrkt denne mannen som de både ser og kjenner.”
Er ryktet om Jesus for godt til å vere sant?
I dag trur eg at eg skal utforske det litt nærare!
Ragnhild Jepsen
Musikk Guds dyrebare ord Kristina Jølstad Moi