Ja, så langt går det, at han let vere å reise til farens dødsleie fordi han meiner at han ikkje kan reise frå herren sin. Og sjølv om han skjønar at herren har stygge politiske sympatiar, går plikt og lojalitet framom alt, også framom hans eigen samvittighet. Men når herren døyr, og tenaren gjer opp status for livet sitt, skjønar han at hans eige liv er sett til sides. Ja, han har ikkje levd, berre stilltiande lagt til rette for at ein annan kunne leve. Så spørs det om tenaren har tid nok, og evna framleis er der, så han kan finne attende til sitt eige liv og sine eigne kjensler.- Ja, om han kan finne attende til seg sjølv.
Jesus taler ofte om å vere tenar. Han bruker ordet fleire gonger i Evangelia når han taler om seg sjølv og om Gud og om oss. Nokre gonger seier han om seg sjølv at han er tenar. Og ikkje berre seier han det; han viser det i praktisk handling også. Til dømes då han bant eit handkle om livet og la seg ned på golvet og vaska disiplanes føter. For skitne føter som hadde vandra heile dagen i ørkenen, må det ha vore den ultimate tenaroppgåva.
Men for Jesus er ikkje det å vere tenar noko lettvint, noko ein kan ha som ekstrajobb og legge frå seg når ein måtte ynskje. Nei, for Jesus er det å vere tenar å ha eit livslangt og inderleg forhold til den som skal tenast. Men viktigast av alt: Det er eit likeverdig forhold mellom tenar og herre. Den som er tenar, treng ikkje å gløyme seg sjølv. Dei er avhengige av kvarandre, dei to. Dei gjev meining til kvarandres oppgåver.
I sin avskjedstale til læresveinane, då Jesus visste at han skulle døy, formanar han dei om dette å vere tenar. Han seier:
Den som vil tene meg, må følgje meg. Og der eg er, skal også min tenar vere. Den som tener meg, skal Far min gje ære.
Kva vil det seie for oss å vere Guds tenar?
Det vil ikkje seie å gje opp sitt eige liv så vi ikkje kan leve. Det vil ikkje seie at vi må underkaste oss ei gudstru så lojalt at våre eigne kjensler og evne til tenkning må setjast til side.
Å tene Gud, det er å gå ved sidan. Å gje lys til kvarandres oppgåver. Å stø kvarandre på vegen. Å bøye seg ned for å gjere stigen lett å gå.
Det er å ta i mot det varme blikket som seier:
Eg er din, og du er min. Vi høyrer saman, vi to.
Ragnhild Jepsen
Musikk Herre, eg inderleg ynskjer divisi