No er dagen her – St.Hansdagen. Jonsok. Dagen til minne om Johannes døyparen, han som var Jesus sin slektning. Dagen som har blomar oppkalt etter seg, og romantiske forestillingar om framtidige kjærestar. Ein sommardag som vi her oppe i nord feirer. Men som også har alvorlege undertonar i seg. Johannes var akkurat eit halvt år eldre enn Jesus. Evangelia i Bibelen fortel om han heilt i starten av Jesus-forteljingane. For Johannes si oppgåve var å førebu vegen for han som skulle kome etter – nemleg Jesus. Johannes lærte oss å vente, - liksom vi ventar på lyset, på noko som skulle bli enda betre; enda lysare, enda varmare.
Denne dagen og Jesu fødselsdag høyrer saman. Difor les vi i dag den same teksten frå Bibelen som vi les i kyrkja når vi feirer jul:
I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud.
Han var i opphavet hos Gud. Alt vart til ved han,og utan han vart ikkje noko til.
Det som vart til i han, var liv, og livet var lyset for menneska.
Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.
Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes.
Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.
Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.
På dagen eit halvt år før vi feirar Jesu fødsel, er det Johannes sin dag.
Johannes førebudde vegen for Jesus. Med livet sitt; med det han sa; med det han gjorde. Johannes er ein bodberar.
Og han hadde ei enorm forventning til Jesus. For han skjønte at noko måtte skje.
Tida; menneska; hjartene, - alt var på veg bort frå Gud. Det var mørke som truga. Menneske lengta etter noko dei ikkje visste kva var. Berre at noko nytt måtte kome. Johannes visste at det var Jesus som ville kome med lyset. Det fortalde han om.
Og då Jesus kom, visste Johannes med ein gong kven det var menneska hadde venta på.Så hadde han gjort det som var hans oppgåve. Frå no av høyrer vi ikkje meir om han. Johannes vitna om Lyset, og Lyset kom! Det er fint å hugse - på den lysaste dagan i året!
Ragnhild Jepsen
Musikk Lys til nattsvart jord Helene Bøksle