Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 21. oktober

Ei erfaring rikare

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Salomos Ordtøke 14

God morgon!

Eg er glad i ordet erfaring. Særleg etter at eg lærte kva ordet erfare eigentleg betyr: å reise på kryss og tvers i ukjent land – og slik bli kjent med det. Så no vil eg dele med dykk, mine kjære lyttarar, er fersk og frisk erfaring.

Ein søndag tidleg i juni dette året vakna eg med dobbeltsyn. Eg har eit lett sinn, så eg tenkte: det går nok raskt over. Men det gjorde det ikkje. Eg kom på sjukehus, dobbeltsyn er eit symptom som må takast på alvor. Så kva fann dei ut på Ullevål sjukehus? At ein av nervane til 4. augemuskel på høgre side var skada.

At alle alvorlege bakgrunnsårsaker kunne utelukkast. At eg måtte leve med dobbeltsynet, la bilen stå og vone at skaden ville rette seg etter ei stund. Eg måtte ringe NRK og seie at det var uvisst om og når eg kunne lage neste andaktsserie.

No forstår de at dette gjekk godt. Du hadde flaks, seier min veslebror, augelegen. Etter to månader kjende eg at dobbeltsynet byrja å dra seg attende, at eg kunne gå trygt over sommarberga ned til badeplassen utan hjelp, at eg kunne byrja å lese att, at eg kunne sette meg bak rattet att, at eg kunne lage denne andakta for dykk. Å, for ei varm glede som steig i kropp og sjel, dag for dag.

No er eg ei erfaring rikare, for eg har vore på ei reise i ukjend land og gjennom reisa gjort meg kjend med dette landet – og no kan eg dele erfaringa med dykk.

For kva er det som gjer dette til ei erfaring, noko meir enn ein serie opplevingar?

Det er alt eg oppdagar når eg ser tilbake på det som hende med eit ope sinn, med tanke, kjensle og tru, alt som gjev ny erkjenning og kunnskap, alt som kan få varig betydning for livet mitt.

Eg ser at eg fekk smake ein stor nåde på denne korte, men viktige reisa. Eg fekk øve meg i å leve i uvisse. Eg fekk øve meg i å ta imot det som hende, gå igjennom alle kjenslene som følgde med. Eg fekk øve meg i å ta imot hjelp og støtte og gjere det beste eg kunne undervegs. Eg fekk øve meg i å ta vare på håpet om betring, utan å klynge meg til det.

Gjev akt på vegen din, heiter det i Salomos Ordtøke kap.14. Det er ein veg i Gud din skapar. Gud har gjeve deg alt du treng for at du faktisk kan reise gjennom det ukjende livslandet og lære, ja bli rikare av dine erfaringar.

Geir Gundersen

prest og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Rita Eriksen - "Gjer veien klar for Herren"

Skog